Med eksamensfilmen «Kunsten å leve» har Lydia vist både mot og evne til å løfte fram vanskelege tema. No blir ho ein del av eit regionalt miljø som satsar på nye stemmer i filmbransjen.
Talentprogrammet
Filmtalent Innlandet, FAB: LAB, er eit toårig talentprogram hos Fabelaktiv. I samarbeid med Talent Norge og Sparebankstiftelsen Hedmark gir FAB: LAB unge filmskaparar høve til å utvikle seg fagleg, byggje nettverk og få verdifull bransjeerfaring.
Openheit smittar
Eksamensfilmen hennar «Kunsten å leve» fortel den sterke historia om Anniken Bakken Lundberg, ei ung kvinne som for elleve år sidan prøvde å ta sitt eige liv.
Gjennom arbeidet med dokumentaren oppdaga Lydia kor mykje openheit kan bety. Når ho fortalde om prosjektet, møtte ho menneske som delte sine eigne erfaringar, historier og tankar om eit tema mange framleis vegrar seg for å snakke om.
Lydia meiner at opne samtalar om sjølvmord og sjølvmordsforsøk kan skape større forståing, og kanskje vere eit steg mot håp.
– Openheit smittar, seier ho stille, men bestemt.
Store kontrastar
Kontrastane er store mellom mørkret Anniken opplevde for elleve år sidan og den kreative, utadvendte skodespelaren ho er i dag.
Då ho gjekk på vidaregåande, hadde ho det tungt. Då ho skulle dra heim, gav ho ein nær ven ein ekstra lang klem, noko som fekk alarmklokkene hans til å ringe. Han kontakta mor til Anniken – noko som redda livet hennar.
Behovet for å fortelje
– Eg hadde lenge tenkt på at eg ville lage ein film om sjølvmord. Kanskje fordi eg sjølv ikkje hadde blitt eksponert for samtalar om temaet. Det er tabubelagt, og eg kjende eit behov for å lage noko som belyser det, men som samstundes ikkje endar mørkt, men med håp, seier Lydia. Ho ville spesielt løfte fram dei vi sjeldan høyrer om: sjølvmordsoverlevarane.
Reint etisk ønskte Lydia å finne ein person som allereie hadde stått fram offentleg.
– Eg søkte aktivt etter folk som hadde fortalt historia si før. Anniken sjølv var veldig open og ønskte å dele, fortel regissøren.
Prestasjonsjag og sjølvforakt
Filmen tek og for seg prestasjonsjag og sjølvforakt, og korleis ein legg verdien sin i det ein presterer.
– Vi må kunne snakke ope om korleis det er å ha slike tankar og vere sjuk. Meir openheit og samtale trur eg er nøkkelen, seier Lydia.
Ho ønskjer at samfunnet skal møte psykisk sjukdom på same alvor som fysisk sjukdom:
– Mitt ønskje er å vise at dei som slit treng hjelp på same måte som om dei til dømes hadde hatt kreft. Det er ikkje farleg å spørje om folk tenkjer på å ta livet sitt. Forskning viser at det ikkje stemmer, seier ho.
Kok brenn for at vi skal snakke meir ope om sjølvmord.
– Det er vanskeleg å forstå kvifor sjølvmord er eit tabu. Det ligg ein kollektiv tanke i samfunnet om at vi ikkje snakkar om det – og det må vi endre, seier ho.
Anerkjenning og vegen vidare
Dokumentarfilmen «Kunsten å leve» fekk heiderleg omtale på Nordic Docs og har blitt godt teken imot av festivalpublikumet. For kort tid sidan vart filmen vist på Amandus Blikkfang.
– Ønsket er at filmen skal leve eit festivalliv framover, fortel Lydia.
– Framover vil eg først ta innover meg den mogligheita eg har fått gjennom talentprogrammet og sørge for å utnytte han til det fulle. Eg vil halde fram i den kreative prosessen min og utvikle meg som filmskapar for når eg ser kor viktig det er, og kor mykje det kan bety for andre, når nokon deler historia si, blir eg berre meir og meir gira på å få vere med og fortelje den neste historia, avlsuttar Lydia Diana Kok.
Lyst til å studere hos oss på TV-skolen?
Kontakt oss:
- E-post
- stina.greaker@inn.no
- Telefon
- +47 62 43 00 62
- E-post
- lasse.gallefoss@inn.no
- Telefon
- +47 62 43 08 52