Nye filmstemmer på veg

Amandus Blikkfang vart ei festhelg for unge filmskaparar. Studentane våre markerte seg med fleire prisar og viser med dette at framtidas filmbransje er i ferd med å ta form.

Hele teamet på Amandus Blikkfang

Teamet bak filmen "Jeg vil Prinsesse Kristin speider være". Frå venstre: Kasper Skålid, Frida Ellingsgard Holen, Hannah Nordanger, Rebecca Granli Øieroset og Mikkel Amundsen.

Av Trude Lindland
Publisert 1. okt. 2025 10:07 - Sist endret 2. okt. 2025 13:54

Både TV-skolen og Den norske filmskolen (DNF) var sterkt til stades på festivalen, og studentane våre gjekk heim med fleire av dei gjevaste utmerkingane.

Elida imponerte juryen

Elida Helgeland, student ved regilinja på DNF, vann den gjeve prisen for beste manus med filmen «Fyr Løs».

Ei smilande Elida poserar med diplom og prisen for Beste manus.
Elida Helgeland under prisutdelingen på Amanus Blikkfang. Foto: Dani M. Risan / Amandusfestivalen

Juryen uttalar:
"Beste manus går til ein film som tek for seg stor tematikk på eit modent vis, i eit kondensert og spennande handlingsforløp. Her er tematikken og framstillinga av den gjennom karakterane sin dialog elegant balansert. Filmen gir eit innblikk i korleis overgrep i maktstrukturar kan skje, og korleis det kan oppfattast og handterast innad i ein institusjon. Ei spennande utforsking som ikkje nødvendigvis gir eintydige svar."

Hannah stakk av med to prisar 

Hannah Nordanger, student ved Dokumentar- og TV-regilinja på TV-skolen og hennar team, vann Ungdomsjuryens pris for dokumentarfilmen «Eg vil prinsesse Kristin speider vere». I tillegg fekk filmen heiderleg omtale i kategorien beste dokumentar.

hele teamet på Amandus blikkfang
Teamet bak filmen "Jeg vil Prinsesse Kristin speider være". Frå venstre: Kasper Skålid, Hannah Nordanger, Frida Ellingsgard Holen, Rebecca Granli Øieroset og Mikkel Amundsen. Foto: Dani M. Risan / Amandusfestivalen

—Det å vinne ungdomsjuryprisen og få heiderleg omtale under beste dokumentar, var jo berre heilt sjukt gøy. Då vi gjekk frå staden og innsåg at vi hadde fått TO prisar, berre lo vi av glede! Ungdomsjuryen vel og ut ein vinnar frå alle kategoriane, som er ekstra stas!! Eg er skikkeleg stolt av både laget mitt og meg sjølv. Vi har hatt det utruleg gøy under denne produksjonen, og vi er glade for at andre kan sjå gleda speidaren kan gi, fortel regissør Hannah Nordanger. 

Juryen si omtale:
"Går til ein film som gjennom observerande scener framstiller magien ein kan oppleve i fellesskap, i vennskap, i naturen – og i speidaren."

To prisar til avgangsfilmen "Voksenbarn"

En kortklippet ung person sitter i dress ved siden av sin far med et skøyeraktig utttrykk, begge har sigarer i hånden.
Bilete frå "Voksenbarn": Regissør Hugo Francker med far sin. Foto: Hugo Francker.

Hugo Francker (MFA 2024) vann både prisen for beste regissør og for beste dokumentarfilm for avgangsfilmen sin frå masterstudiet på DNF, «Voksenbarn». Filmen, som fra før er kvalifisert til å tevla om ein Oscar-nominasjon etter å ha vunne prisen for beste dokumentar på Odense internasjonale filmfestival i september, har med Amandus-prisutdelinga også kvalifisert seg til å bli nominert til den norske Amanda, som er Noreg sitt svar på Oscar.

Juryen i kategorien Beste dokumentarfilm uttalar:
"Filmen opnar med eit smell. Frå første sekund er vi midt i ei intim og privat situasjon, og derfrå blir vi invitert endå nærare inn i ei personleg historie om identitet og kjønn. Med ein stødig registemme inviterer filmskaparen publikum inn i ein kompleks tematikk som blir behandla med varme.

Dette er ein modig film om eit møte mellom foreldre og barn som prøver å finne saman igjen. Det blir ikkje meir ærleg og intimt enn dette."

Heiderleg omtale i same kategori gjekk til Johannes Toft for «Mimring med eit ønskje om noko meir». Toft har bakgrunn frå TV-skolen og gjekk ut fra TV-skulens dokumentarregilinje i 2022.

Juryen si omtale:
"Heiderleg omtale går til ein film som med enkle og effektive grep tek oss tett på ei nær, ærleg og sårbar gjenforteljing. Ei historie om ein relasjon som kunne ha blitt til noko meir."

Stolte over studentane våre

– Vi er utruleg stolte av at så mange av TV-skolen sine studentproduksjonar har blitt nominerte til både Nordic Docs og Amandus Blikkfang. I tillegg har dei fått heiderleg omtale og vunne Ungdomsprisen på Amandus Blikkfang.

Dette viser at det høge faglege miljøet og dei fantastiske faglærarane våre skaper resultat som imponerer også utanfor universitetet. Inspirerande for oss alle, seier Stina Greaker, instiuttleiar ved TV-skolen.

Instituttleiar på Filmskolen, Eli Bø, er også glad på vegne av studentane som vann prisar på Amandus Blikkfang.

–Vi er stolte over at den sterke avgangsfilmen til Hugo Francker frå master gjer det så godt på festivalar, med ei tematikk som no kjennest viktigare enn nokon gong. Det er òg gledeleg at vår ferske registudent Elida Helgeland fekk manuspris for den modige kortfilmen ho laga på Westerdals – og vi gler oss til å sjå kva ho og resten av det nye kullet vil skape dei neste tre åra på Filmskolen.

Kontakt oss: 

Bilde av Stina Greaker
Instituttleder
E-post
stina.greaker@inn.no
Telefon
+47 62 43 00 62
Bilde av Eli Bø
Professor
E-post
eli.bo@inn.no
Telefon
+47 62 43 03 89