– Vi møttest på ein hyttetur arrangert av studentorganisasjonen ved starten av førre semester. Det var så vakkert der, og vi hadde det kjempekjekt – særleg fordi vi fekk spele mange brettspel saman, seier Daniela Mihaela Crudu.
Daniela kjem frå Bucuresti og skulle eigentleg berre vere i Hamar eitt semester som utvekslingsstudent ved Spillskolen. Men etter å ha opplevd kor fint livet i Noreg er – og funne kjærleiken – skal ho no ta ein bachelor i animasjon og digital kunst ved Universitetet i Innlandet (INN).
Eit inspirerande studentliv
– Dei har riktig tilnærming til å undervise i spelutvikling her. Dei fleste eksamenane er prosjektbaserte, og arrangementa er tett tilknytt bransjen. Det er òg fantastiske lærarar her som gir mykje tilbakemelding, fortel Aedan Soellaart.
Både Daniela og Aedan føler at dei kreative prosessane blir støtta av Spillskolen, og at dei vil vere godt førebudde på å jobbe i bransjen etter at dei er ferdige med studia.
– I Romania seier dei fleste professorane berre korleis dei vil at prosjekta skal vere, og dei snakkar nedlatande til deg om du gjer noko annleis. Hierarkiet mellom tilsette og studentar er veldig tydeleg. Her ved INN er dei tilsette så snille og hjelpsame, og dei gir deg rettleiing slik at du kan skape dei produkta du brenn for, forklarer Daniela.
Daniela og Aedan kjem frå Romania og Australia, men ser føre seg ei framtid saman i Noreg.
Foto: Ole-André Lagmandokk / INN
Paret nyt byparken i Hamar: Strandgateparken.
Foto: Ole-André Lagmandokk / INN
Og nyt te og kaffe på den populære kaféen Larsen i sentrum.
Foto: Ole-André Lagmandokk / INN
Kunstverka til Daniela heng på veggane på Spillskolen.
Foto: Ole-André Lagmandokk / INN
Daniela viser oss favorittkunstverket sitt.
Foto: Ole-André Lagmandokk / INN
Spillskolen har eit veldig sosialt studiemiljø der studentar treff kvarandre på skulen for å jobbe med felles prosjekt.
Foto: Ole-André Lagmandokk / INN
Studentar ved Spillskolen utviklar spel og karakterar i bransjeleiande programvarer.
Foto: Ole-André Lagmandokk / INN
Alt skjer i Hamar
Studentane ved Spillskolen er med på alle slags kreative prosjekt saman, og både skulen og studentorganisasjonane arrangerer ulike arrangement gjennom året, til dømes Game Jams og Game School Expo.
– Dani og eg oppdaga raskt at vi likar å jobbe saman òg. Vi elskar å jobbe med kule, kreative prosjekt, og vi elskar spel. Så vi tenkte: Kvifor ikkje starte eit firma saman? Dani er kunstnar og eg er programmerar, så vi er litt som yin og yang,» forklarer Aedan.
– Vi snakkar om å bli buande her etter at vi er ferdige ved Spillskolen då vi likar Hamar veldig godt. Naturen er vakker, og i tillegg ligg det så nære både Oslo og flyplassen, seier Aedan.
– Hamar er ein vakker og roleg by. Det er ikkje for stort, men heller ikkje for lite. Og du kan gå overalt, noko som gjer det veldig enkelt å ha eit sosialt liv, held Daniela fram.
INN er svært glade for å ha så dedikerte studentar som bidreg til universitetsbyane våre, og vi er alle spente på å sjå kva framtida bringer for Daniela og Aedan.