Ti vil bli prorektor for forsking og utvikling

Det har meldt seg ti søkarar til stillinga som prorektor for forsking, utvikling og kunstnarisk utviklingsarbeid ved Høgskulen i Innlandet. 

Logoen til Høgskolen i Innlandet på et hvitt skilt til venstre og fasaden på høgskolens bygg på Hamar til høyre

Stillinga er ei av dei øvste leiarstillingane ved høgskulen. HINN har i alt tre prorektorar, som utgjer høgskulen sitt rektorat saman med rektor. 

Den som vert tilsett vert del av rektor si leiargruppe. Vedkomande vil ha ansvar for å følge opp institusjonen sine forskingssatsingar, og leie høgskolen si forskingsavdeling og fleire interne råd og utval.

– Prorektoren får ansvar for eit svært viktig fagområde for høgskulen på vegen mot status som universitet. Vi er ein aktiv institusjon innan forsking, men ønsker å utvikle oss vidare innan feltet, seier rektor Peer Jacob Svenkerud. 

Rektor leiar tilsettingsutvalet som er sett ned, og som skal levere ei innstilling til høgskulestyret som gjer den endelege tilsettinga i stillinga seinare i haust.

Offentleg søkarliste: 

  1. Sarra Jahedi (36), Financial Advisor, Dupage 
  2. Glenn Hole (46), Managing Partner og Strategisk rådgjevar, Drammen
  3. Susan Nacey (56), Prodekan forsking, Stange
  4. Jan Velvin (57), Førsteamanuensis, Øvre Eiker
  5. Kim Jarle Wroldsen (32), PhD, Solna
  6. Boel Christensen-Scheel (45), Dekan Avd. Kunst og Håndverk, Kunsthøgskolen i Oslo, Bærum
  7. Marit sletmoen (49), prodekan utdanning ALB, HINN, Hamar
  8. Christina Niemi Mølstad (44), Professor, Hamar
  9. Sashidharan Komandur (44), Forskningsleiar (Spill og XR-prosjekt), Hamar
  10. Ingeborg Lunde Vestad (50), Instituttleiar, Hamar

Kontakt

Bilde av Peer Jacob Svenkerud
Rektor
E-post
peer.svenkerud@inn.no
Telefon
+47 62 43 04 06


 

Publisert 17. aug. 2023 14:49 - Sist endret 17. aug. 2023 14:49