Ein har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk

KRONIKK: Nynorsk i Innlandet? Det tenkjer kanskje ikkje alle på som noko sjølvsagt. 12. mai var det den offisielle Nynorskdagen og markering av at våre to skriftspråk har vore offisielt jamstilte i 140 år. 

Skjermdump av kronikktekst
Foto: Skjermdump
Publisert 13. mai 2025 09:16 - Sist endret 13. mai 2025 09:21

Denne teksten er skrevet av Jens Skarkerud Haugan, dosent ved Universitetet i Innlandet. Kronikker og debattinnlegg på inn.no gir uttrykk for skribentens holdning. Teksten ble først publisert i avisene GD, HA og OA 12. mai 2025.

Nynorsken vart etter kvart fortrengd som hovudopplæringsmål frå tidlegare Hedmark fylke, sjølv om han faktisk hadde hatt ein viktig posisjon i t.d. Elverum og oppover i Østerdalen. Poesiverda hadde ikkje vore den same utan t.d. Halldis Moren Vesaas frå Trysil eller Åsmund Sveen frå Sørskogbygda, og i dag har vi framleis t.d. Ola Jonsmoen og Sigmund Løvåsen. Lokalhistorieserien Årbok for Glåmdalen kom ut frå 1941 til 1992 og skulle «vekke østerdølane, solungane og odølingane nasjonalt og styrke samkjensla», som det stod i det første nummeret.

I det tidlegare Oppland fylket stod nynorsken seg betre som opplæringsmål, men har i den seinare tida også vore truga på grunn av kommunesamanslåingar og skolenedleggingar. Årbok for Gudbrandsdalen har komme ut sidan 1930 og er framleis eit døme på at nynorsken lever som naturleg skriftspråk for mange. Det er ei av dei eldste lokalhistoriske bøkene i heile landet, og på mange måtar ei samanhengande nynorskhistorie fram til i dag. Nynorsken står sterkare i Gudbrandsdalen – det gjer også dialektene. Er det dialekta som gjer at ein vel å skrive på nynorsk? Eller er nynorsken ein grunn til at ein klarer å halde på dialekta?

Dei stadene der ein har valt bort nynorsk som hovudopplæringsmål, står det gjerne ikkje lenger så bra til med dialekta. Men vi har fått fleire artistar som i nyare tid har dialekta som eit viktig identitetsmerke. Synne Vo har gjort det bra med stemma og dialekta si, og Narum har fått dialektprisen, og også Matoma, som ikkje nødvendigvis syng sjølv, fekk dialektprisen av Austmannalaget rett og slett for å prate som han gjer. Austmannalaget er fylkesmållaget for lokallaga i Innlandet. Og tru det eller ei, det er mållag i universitetsbyane Elverum, Hamar, Lillehammer og Gjøvik og sjølvsagt mange andre stader i Innlandet.

Som universitet har ein eit særleg ansvar for nynorsken, ikkje minst i Innlandet, der ein også rekrutterer studentar frå nynorskkommunar, og der ein blant anna skal utdanne lærarar som kan undervise i nynorskkommunar.

Språklova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk. Lova har også som føremål å sikre at offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk. Som statleg institusjon er Universitetet i Innlandet eit offentleg organ, og i offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk. Språklova seier også at offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket. Universitetet i Innlandet har arrangert nynorskseminar for lærarar og lærarstudentar i ti år, som trekkjer deltakarar langvegsfrå, og nynorsken står sjølvsagt generelt sterkt i lærarutdanninga sidan alle lærarar er venta å kunne meistre både bokmål og nynorsk i profesjonssamanheng.

I år markerer Universitet i Innlandet også for første gong offisielt Nynorskdagen. 12. mai 1885 blei «det norske Folkesprog», det vi i dag kallar nynorsk, offisielt sidestilt med «det almindelige Skrift- og Bogsprog», som den gongen var dansk, men som seinare blei utvikla til bokmål. Dei to skriftspråka har vore offisielt jamstilte i 140 år! Det er ei lang språk- og kulturhistorie å sjå tilbake på. Men trass i at vi har vent oss til å leve med to offisielle skriftspråk, er det politiske parti som ønskjer å fjerne det såkalla sidemålet som offisielt opplæringsmål i skolen. Dei bryr seg ikkje om offisiell norsk lov, der det står eksplisitt at ein har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket.

Det skjer mykje i verda, og det finst mykje ein kan engasjere seg for og imot. Akkurat 12. mai kan ein velje å skrive på nynorsk – av rein respekt for den lange språk- og kulturhistoria og for å heie litt på «veslebror». Bokmål og nynorsk har gått hand i hand i 140 år, og dersom vi held kvarandre i handa, kan vi ta vare på kvarandre og gå vidare saman i 140 år til.

Emneord: Nynorsk