Denne teksten er skrive av stipendiat på Høgskulen i Innlandet, Ingrid Hjertaker. Kronikkar og debattinnlegg på inn.no gir uttrykk for haldninga til skribenten. Denne teksten vart først publisert i Klassekampen 31. juli 2024.
Vi veit lite om kva for økonomisk politikk Kamala Harris kjem til å føre om ho vinn valet. Det er ikkje rart, som visepresident har det vore hennar jobb å støtte opp om Biden sin økonomiske agenda, ikkje marknadsføre eigne tankar.
Men no er det mange som vil vite korleis «Kamalanomics» kjem til å sjå ut.
Lite tyder på at ho vil avvike dramatisk frå Biden sitt økonomiske program. Og bra er det. Biden har vore ein av dei mest vellukka presidentane sidan krigen, med ambisiøse økonomiske lovpakkar som han fekk gjennom ein vanskeleg kongress. USA har ikkje berre hatt sterk økonomisk vekst – samstundes som både Europa og Kina slit økonomisk – men også ein progressiv vekst.
Boomen etter pandemien har redusert inntektsskilnadane i USA, med reallønsvekst trass høg inflasjon, som har kome fleire til gode enn berre vite, urbane og høgt utdanna arbeidarar. Biden sitt infrastrukturprogram har gitt stønad til over 60.000 separate infrastrukturprosjekt, som vil påverke amerikansk økonomi i tiår framover. Trass i at økonomien har vore sterk, er mange misnøgde.
Paradokset har fått namnet «vibe-cession», eit ordspel på «recession» og «vibes» – eit ungdomsuttrykk for stemning. Somme peikar på sosiale media som syndaren for at folk har eit «feil» inntrykk av økonomien. Andre igjen visar til at trass at makroindikatorane er sterke, så har kostnadane til barnehage, helsehjelp og høgare utdanning vokse så enormt over fleire tiår at store deler av den amerikanske middelklassen har mindre å rutte med.
Er ho heldig, kan Harris få både i pose og sekk. Ho kan ta deler av æra for dei ambisiøse prosjekta til Biden, men unngå kritikken han fekk. Meiningsmålingar tyder på at folk ikkje skuldar Harris for den opplevd dårlege økonomien på same måte som Biden.
Harris må likevel posisjonere seg med eit eige økonomisk program. Like viktig blir det å posisjonere seg tydeleg vis-a-vis republikanarane som no tråkkar i demokratane sitt økonomiske bed. Republikanarane er ikkje lenger frihandelspartiet, og går inn for sterkare og breiare handelstiltak enn Biden har innført. Det er lite truleg at dei kjem til å gå hardt ut mot industripolitikken heller, fordi Trump også ynskjer amerikanske industrijobbar.
No har attpåtil republikanarane delvis omfamna fagforeiningar. Riktig nok er det primært fagforeiningar i privat sektor og for menn, men det utydeleggjer eit tidlegare klart partipolitisk skilje. Med J.D. Vance som visepresidentkandidat, blir innslaget av retorikk mot næringslivselitar og for industriarbeidarar sterkare.
Utsegn frå Harris og laget hennar dei siste vekene gjer det vanskeleg å tolke i kva retning ho kjem til å gå.
På den progressive sida legg Harris vekt på det ho kallar «omsorgsøkonomi» – ho vil ha betalt foreldrepermisjon, rimeleg barnehage og meir pengar til skulen. Førebels er ho verken meir eller mindre progressiv enn Biden på skatt, og har slutta seg til Biden sitt løfte om at ingen som tener mindre enn 400.000 dollar skal få skatteauke, ein nokså brei definisjon av «middelklassen».
På den andre sida har Harris nyleg gjort og sagt ting som tyder på at ho kan bli meir «næringslivsvennleg» enn Biden. Blant anna har ho sagt at ho vil betre relasjonen til kryptobransjen. Der kryptofolka knapt fekk eit einaste møte med Biden-administrasjon, har Harris-laget allereie hatt fleire møter med bransjen dei siste vekene.
Her vil ho møte konkurranse frå Trump, som i helga var hovudtalar på ein Bitcoin-konferanse i Nashville og lova industrien at han skulle fjerne alle reguleringane Biden har innført. Tech-næringa og Silicon Valley er ei næring som det er mogleg Harris vil prøve å vinne tilbake. Desse har tradisjonelt vore demokratiske støttespelarar (og store donorar), men i seinare år har mange i industrien slutta seg om Trump. At dei held til i Harris sin heimstat California kan auke presset på ho til å kome dei i møte.
Biden markerte seg sterkt i konkurransepolitikken ved å tilsette eit lag av unge kritikarar av «Big Tech»: Lina Kahn i the Federal Trade Commission, saman med Biden sin rådgjevar Timothy Wu og Jonathan Kantor i justisdepartementet, har på tre år opna fleire etterforskingar og søksmål mot Apple, Amazon, Meta, Microsoft, OpenAI og Google. Dette har gjort trioen til eit hatobjekt i næringslivet.
Fleire milliardærdonorar til det demokratiske partiet har allereie ytra ynskje om at Harris som president må sparke Lina Kahn.
I månadane som kjem vil det bli tydelegare kva Harris meiner når ho ynskjer eit «ansvarleg næringsliv». Vi får håpe at Biden sine framsteg ikkje blir øydelagde.