Om studentombodet
Hos studentombodet møter du ein nøytral og uavhengig person, som kan gje råd og bistand i saker om studiesituasjonen din ved INN.
Studentombodet er ikkje representant verken for universitetet eller studentane, men skal bidra til at ei sak blir belyst på ein upartisk måte. Formålet er å bidra til at studentanes rettar og pliktar blir forsvarleg og korrekt handtert av universitetet. Studentombodet kan ikkje instruerast av universitetet.
Tilbodet er gratis og uforpliktande, og studentombodet har teieplikt. Alle saker blir behandla konfidensielt. Studentombodet har berre innsyn i teiepliktige opplysningar i den grad du sjølv samtykkjer til dette.
Studentombodet er eit lavterskeltilbod. Det er eit mål å løyse sakene på lågast mogleg nivå. Viss studentombodet ikkje kan hjelpe deg, vil du bli vist vidare til riktig instans.
Stuentombodet kan
- Saumfare om INN held seg innafor regelverka i behandling av sakene dine og at rettane dine blir varetekne
- Yte hjelp til å forstå rettane og pliktane dine som student
- Prate om bekymringane dine, avklara problem og gje råd om kva moglegheiter du har, og korleis du kan gå fram i saka di (til dømes i saker om eksamen, fusk, utvising, å væra skikka m.m.)
- Væra ein nøytral, uavhengig person mellom deg som student og INN i ein eventuell konflikt, til dømes delta i møte mellom student og INN eller mellom student og medstudent/ar
- Gje innspel til utkast til søknad eller klage
Studentombodet kan ikkje
- Fatte vedtak i saker. Studentombodet har inga myndigheit til å fatte avgjerder
- Ta part i ei sak
- Opptre som advokat for studenten
- Opptre som klage- eller ankeinstans for avgjerder og vedtak fatta av andre einingar eller INN
- Instruere einingane ved INN om korleis dei skal arbeide med eller løyse ei sak
- Skrive søknadar eller klager for studenten
Relevant regelverk
Du har både plikter og rettar knytt til studiane dine som student. Desse er regulerte fleire stader. Studentombodet tilrår å setja seg inn i særregler knytte til INN.
- Lov om universiteter og høgskoler
- Forskrift om opptak, studier og eksamen ved Universitetet i Innlandet
Fleire lover og forskrifter som gjeld for universitetet si verksemd finn du her.
Manglar du svar frå ein ansatt ved INN?
Dersom du manglar svar på eit skriv til ein ansattt ved INN, kan du prøve igjen etter rimeleg ventetid.
Om du framleis ikkje får svar, kan du spørje ein person eitt hakk opp i systemet eller som har tilknyting til det du lurer på. Det kan eksempelvis vere studieveileder dersom du ikkje får tak i studieprogramansvarlig.
Har du fått eit svar frå førstelinja som du meiner er feil?
- Dersom svaret er ja, kan du gå vidare med å kontakte studentombodet. Ombudet er ein andrelinjeteneste, unnteke i saker av sensitiv art som til dømes seksuell trakassering.
- Dersom svaret er nei, kontakt førstelinja først.
Kontakt oss
Førespurnader blir prioriterte etter dato og hastegrad. Nettskjema har ikkje ein funksjon for automatiske svar.
For tida er det to tilsette som studentombod i delstillingar, Katarzyna Korabik-Kubowicz i 60 % stilling og Rosanna Haakestad med ca. 30 % nærvær.
Dersom du vil ringja, vennlegast ring i kjernetid for tilsette, kvardagar mellom kl. 09:00 og 14:30.
Telefon: Katarzyna Korabik-Kubowicz: 46 22 57 95
Rosanna har ferie frå 17. august til 4. september.
Dette kan føre til lengre svartid.
Me ber deg vennleg om ikkje å senda dokument eller opplysningar som er sensitive, som til dømes legeerklæringar. Dette fordi ukryptert nettskjema/ e-post kan gå via tredjepartar og difor ikkje sikrar persondataa dine. Om du likevel sender personsensitivt innhald, er dette på eige ansvar.
E-post: studentombud@inn.no kan nyttast om ikkje kontaktskjema fungerer.