English version of this page

Forsikring for studentar

Studentar ved statlege universitet og høgskular er ikkje forsikra via utdanningsinstitusjonen sin. Skal studentane ha ei fullgod dekning viss dei blir utsette for skade, må dei teikna eigne private forsikringar.

Det finst ingen kollektiv studentforsikring. Dersom du skal ha fullgod dekning viss du blir utsett for skade, må du teikna eiga forsikring. Fleire forsikringsselskap har eigne forsikringar retta mot nettopp studentar.

Ved ulykker

Studentar som blir utsette for skade eller ulykke under aktivitetar på undervisningsstaden eller i undervisningstidene er yrkesskadeforsikra i NAV.

Føresegnene om dette finst i rundskriv i Folketrygdlovens § 13-10 om elevar, studentar med meir.

Viss ein student skader seg utanfor undervisningsstaden og/eller utanom undervisningstida, er det deira eiga private forsikring som gjeld.

Forsikring for studentar i praksis

Studentar ved INN er i utgangspunktet yrkesskadedekte etter folketrygdlova. Dekninga etter folketrygdlova omfattar òg skadar som oppstår ved ulukker som skjer når studenten reiser mellom undervisningsstad og praksisstad i samband med gjennomføring av praksis.

For studentar i praksis kan i tillegg reglane i yrkesskadeforsikringslova og skadeserstatningslova gjelde på visse vilkår. Studentar kan reknast som arbeidstakarar når dei er i praksis, dersom dei har utført arbeid for ein arbeidsgivar i arbeidstida. Arbeidsstaden vil vere praksisstaden der studenten er i praksis.

Det vert ikkje stilt krav om at studentar i praksis må ha utført arbeid av same kvalitet som ein fast arbeidstakar på den same arbeidsplassen. Dersom vilkåra er oppfylte, kan dette føre til at studentar får ei større forsikringsutbetaling enn dei ville ha fått etter folketrygdlova.

Les meir:

Sist endret 10. juli 2026 13:08