Denne ettermiddagen set vi søkelyset på korleis lærarrolla har utvikla seg gjennom to hundre år, og kva utfordringar og moglegheiter som pregar barnehage, skule og lærarutdanning i dag.
Program
Velkomst og historisk perspektiv
Ein introduksjon til 200-årsjubileet for norsk lærarutdanning, med tilbakeblikk på starten i 1826 og utviklinga fram til dagens lærarutdanningar v/Siw Skrøvset, dosent og instituttleiar ved lærarutdanninga ved UIT.
Hamar lærarseminarium: vår historie
Eit kort, lokalt historisk blikk på lærarutdanninga på Hamar v/Gunhild Tomter Alstad, dekan ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk ved INN.
Musikkinnslag
Panelsamtale: Lærarrolla og lærarutdanninga i dag
Representantar frå utdanningssektoren, arbeidslivet og studentane møtest til samtale om lærarprofesjonen, forventningar til framtidas lærarar og lærarutdanningas rolle i samfunnet. Leia av Odd Rune Stalheim, prodekan utdanning, Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk, INN.
Kake og uformell mingling
Feiringa blir avrunda med jubileumskake, mingling og utstillingar/aktivitetar i foajeen. Her kan du oppleve ulike innslag som synleggjer 200 år med lærarutdanning og gir eit glimt inn i dagens og morgondagens lærarutdanning. Det vil og vere høve til å besøke Teknologirikt læringsverksted og Haugesamlinga.
Velkommen til ei feiring og markering av lærarane og lærarutdanninga!
.png)