Valmuen linjeforeining
Valmuen er linjeforeiningen for bachelor i animasjon og digital kunst, spillteknologi og simulering og kunstig intelligens.
Valmuen linjeforeining er til for å forbetre og oppretthalde det sosiale og faglege miljøet for studentane ved spelskulen på Universitetet i Innlandet.
Me forsøker å formidle informasjon og halde tilstellingar som tenar spelskule-studentane sosialt og fagleg. Dei sosiale tilstellingane kan variere frå spel- og brettspel-kveldar, til hytteturar og større LAN. Dei faglege tilstellingane kan være å invitere eksterne forelesare, dra på utflukt og arrangere game jams. Valmuen freistar å halde alle tilstellingar gratis og opne for alle uansett kva ein studerar.
Valmuen fekk sitt namn frå blomsten som gir opium, eit ordspel på OPIM (Opplevelse Produksjon og Interaktive Medier) som var namnet på spelskulen fram til 2018.
Me i Valmuen ynskjer å gjere studiekvardagen best mogleg for studentane og ynskjer derfor også gjerne tilbakemeldingar.
Det er bare å kontakte oss dersom ein:
-
Har spørsmål
-
Har kritikk til oss - positiv eller negativ
-
Har idéer til noko me kunne gjort
-
Ynskjer å starte ein undergruppe
-
Kommer på noko anna ein har lyst til å fortelje oss
Ein kan sende oss ein e-post, finne oss på Discord eller Facebook, ellers er det bare å gripe fatt i oss i gangen om ein ser oss.