Language: NOR | ENG

- Drømmen er å kunne leve av garden

Portrettbilde av Anna Othilie Lungård Hove som tar Årsstudium i agronomi.

Anna Othilie Lungård Hove tar Årsstudium i agronomi ved HINN Blæstad. 

Anna Othilie Lungård Hove fra Hornindal tok med seg hesten og kjærasten for å studere Årsstudium i agronomi ved HINN Blæstad.

22-åringen kjem fra gard, og ville lære meir om jordbruket.

Hvorfor valgte du dette studiet?

- Fordi eg kjem frå gard og syns gårdsdrift er veldig kjekt. I tillegg er det for å lære meir om det grunnleggande i jordbruket og jordbruksbedrift. Eg vil heller ta studiet no enn når eg er 40 år og allereie driv gård, når det i framtida mest sannsyneleg blir krav om bevis i form av skulegong eller fagbrev innen jordbruk for å drive gard.

Hva synes du om studiet så langt og hva lærer dere om?

- Det har gått veldig bra og har vore veldig lærerikt. Så langt har vi lært om samanhengen mellom jorda/berggrunnen og kva som veks på overflata, dei ulike dyreslaga og fordøyinga deira, samt grunnleggande biologi og geologi.

Hva er det beste med studiet?

- Det beste er den nye kunnskapen eg får. Det er mykje eg ikkje har kunna før eller har kunne litt om, men no enda meir. I tillegg har vi så fantastisk gode lærarar.

Hvordan er en vanlig dag på skolen?

- Ein vanleg dag kjem ann på kva fag vi har og kva blokk vi er i. I geologi og jordlære hadde vi forelesning store delar av dagen og nesten kvar dag. Medan no i husdyrhald 1 så har vi korte forelesningar nokre gongar i veka, i tillegg til seminar på fredag der vi diskuterar vekas tema.

Hvordan er arbeidsfordelingen mellom forelesninger, selvstudium og praksis?

- I forelesningane kan det til tider gå litt raskt så ein får ikkje alltid med seg det som står på powerpointane osv. Så då må ein gjere meir på eigahand og skrive ned det ein manglar. Om ein følger godt med i forelesning stille det mindre krav (for min del) til arbeid på eigahand. Men om ein verkeleg skal skjønna stoffet og kunne det godt må ein lese og pugge i tillegg til forelesningane. Det er relativt lite praktisk enn det eg hadde håpa på. Vi har til no berre hatt små utferder der vi får informasjon i garden og drifta og skal skrive oppgåve om det.

Hvordan er forholdet til foreleserne?

- Det er meget bra! Det er lett å spørje om hjelp og veiledning når ein treng det og ein får som regel svar på det ein spør om. Det er så bra fordi dei fleste foreleserane er så utruleg dyktige, blant anna Terje Motrøen og Anne Marte Hørsand.

Hvem tror du dette studiet passer for?

- Det passar for dei som vil lære det grunnleggande innen landbruk. Dei som kan litt, men vil lære meir, dei som vil overta, men følar dei treng meir kunnskap så er ettårsstudiet perfekt.

Er det noen forkunnskaper som vil være nyttige å ha før studiestart?

- Det er ein fordel å kome frå gard sjølvsagt, og gjerne vore avløysar i forskjellige dyrebesetningar. Litt kunnskap innen biologi er også ein fordel. Ein del av mine venninder som går dette studiet kjem ikkje frå gard, har aldri vore avløysar og kan generelt svært lite frå før av innen landbruk, men er nokon av dei flinkaste i klassen! Så er ein innstillt på å lære noko nytt, mykje på ein gong og å lese seg opp på ting sjøl så er det eigentleg ingen forkunnskapar innen landbruk som er nødvendige.

Anna 1

Hvordan kan du bygge videre på dette studiet?

- Du kan gå berre dette året og ha god grunnleggande kunnskap om landbruk og vere eigna for å drive eiga landbruksbedrift, men ein kan også bygge vidare å gå bachelor (2 år til).

Hva skal du gjøre når du er ferdig?

- Anten blir det å gå vidare på bachelor eller så er planen å kome inn på ridelærarstudiet på Starum. Om ingen av delane fristar får eg forhåpentlegvis overta garden.

Hva er drømmejobben?

- Drømmejobben er å kunne leve av garden og drive mjølkeproduksjon i tillegg til rideskule. Å kunne vere sin eigen sjef, drive med dyr ein elskar og ha det idyllisk rundt seg er min største drøm. Å få overta heimgarden er sjølvsagt målet og ønsket.

Til slutt: Helt kort. Hvilke tre adjektiv vil du bruke til å beskrive studiet?

- Lærerikt, inspirerande og sosialt.

Sist endret: .