Studieplan 2019/2020

UTM Bachelor i utmarksforvaltning

Navn på fag/studieplan

Bachelor i utmarksforvaltning

Studiepoeng

180

Studiets nivå og organisering

Studiet er ei treårig grunnutdanning og er eit fulltidsstudium med eit omfang på180 studiepoeng. Studiet gir graden Bachelor i utmarksforvaltning.

Bakgrunn for studiet

I Hedmark er 95 prosent av arealet skog og utmark. Evenstad ligg difor i eit område der bruk og utvikling av skog- og utmarksressursane er ein av grunnpilarane til framtidig næring og busetting. I dag har rekreasjonsbasert næring i skog og utmark (særleg hyttenæringa) vokse til same storleiksorden som produksjonen frå skogen. Naturopplevingane og hyttebygging kan sjåast i samanheng med jakt- og fiskemoglegheitene som både regionalt og nasjonalt har vore nytta til matauk, og som i liten grad er kommersialisert.

Samtidig har verda aldri før sett ein slik nedgang i talet på artar og tap av biomangfald som det ein ser i dag. Våre naturområdar er i dag under eit enormt press. Den kraftige befolkningsveksten gjer at store naturområder må nyttas til matproduksjon og utbygging av infrastruktur som tel dømes vegar og bustads område.  Nye formar for friluftsliv og naturbasert turisme aukar også presset på sårbare fjellområder, te dømes kiting, sykkelstiar og hundekjøring m.m. inn i elles vanskelig tilgjengelige fjellområder. Dette krev kunnskap om korleis naturen kan forvaltas og kva for konsekvensar ulike forvaltningsgrep vil få i eit langsiktig, berekraftig perspektiv. Klimaendringar fører til at kunnskapen om berekraftig bruk av biologiske ressursar er etterspurd og denne kunnskapen er også i stadig endring. Denne nye kunnskapen blir ivareteken i studiet som gir studentane allmennteoretiske og yrkesretta kunnskap i tilknyting til forvaltning og næringsverksemd i utmark. Sjølv om vi jobbar primært med problemstillingar i den Boreale klimasona, har vi eit mål i at studentane skal ha kunnskap om lokale problemstillingar i et globalt perspektiv, og med globale problemstillingar i et lokalt perspektiv.  

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjene totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten:

  • har brei kunnskap om utmarka, naturmangfaldet i den boreale klimasonen, dei biologiske ressursane og forvaltning av desse i Noreg, med spesiell vekt på anvendt økologi, skog, fisk og vilt.
  • kjenner til forsking og utviklingsarbeid innan økologi, fisk og vilt.
  • kan oppdatere sin kunnskap innan anvendt økologi og utmarksforvaltning
  • har kunnskap om utmarksforvaltinga si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan anvende kunnskap og relevante resultat frå forsking og undervisningsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffa velgrunna val.
  • kan reflektere over eigen utmarksfaglig utøving og justere denne under rettleiing.
  • kan finne, vurdera og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det lyser opp ei problemstilling.
  • kan meistre relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer innan økologi og forvaltning av areal og biologiske ressursar.
  • kan kommunisere sin kunnskap innan anvendt økologi, vilt og fisk til ulike publikum og målgrupper.

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • har innsikt i relevante problemstillingar i utmarksforvaltinga.
  • kan på sjølvstendig grunnlag planleggje og gjennomføre varierte forvaltningstiltak og arbeidsoppgåver, og prosjekter som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • kan formidle sentrale økologiske teoriar, forvaltningsmessige problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innan utmarksforvaltning eller økologi, og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan økologi og utmarksforvaltning, og kan vurdere deira nytte frå ein sjølvstendig ståstad

Målgruppe

Studiet er retta mot heiltidsstudenten som ynskjer ei fullstendig grunnutdanning innan utmarksforvalting, og som ynskjer å arbeide innan privat eller offentleg fiske- og viltforvaltning,  naturforvalting eller arealforvalting.

Studiet kan også passe for dei som ynskjer ei forståing av utmarka fordi dei eig eller skal overta ein utmarkseigedom.

Relevans for arbeidsliv og videre studier

Utmarksutdanninga kvalifiserer for arbeid innan offentleg eller privat forvaltning av utmark, oppsynsverksemd, som medarbeidar i forskingsprosjekt eller som sjølvstendig næringsdrivande.

Studiet kvalifiserer også for opptak til Master i anvendt økologi ved Høgskolen Innlandet eller for masterutdanningar ved andre universitet.

Opptakskrav og rangering

Opptakskravet er generell studiekompetanse eller opptak på grunnlag av godkjent realkompetanse.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil gjennomførast som førelesingar, øvingar i felt og i datalab. Studentane må påregne noe kjøring i felt mot kjøregodtgjøring eventuelt kjøring med instituttets skolebiler. Mange ekskursjoner vil foregå med buss.

 

 

Vurderingsformer

Kandidaten blir vurdert gjennom munnleg og skriftleg eksamen, samt rapportinnleveringar. Vurdering med graderte bokstavkarakterar med skala frå A – E for bestått, og F for ikkje bestått. Nokre emne vurderast som stått / ikkje stått. Sjå elles under kvar særskilte emneomtale.

Internasjonalisering

 Vi rår studentane til å ta utanlandsopphald i løpet av andre studieår eller hausten det tredje året. Vi har eit omfattande samarbeidsnettverk med høgskular og universitet i Europa og andre verdsdelar. Eventuelle utanlandsopphald må på førehand godkjennast av instituttet. Ta kontakt med internasjonal koordinator for meir informasjon.

Det er lagt inn eit engelskspråkleg emne med førelesningar og all aktivitet går føre seg saman med internasjonale studentar. Fleire av emna nyttar engelskspråkleg litteratur, og gjesteførelesingar kan også gå på engelsk. Ein kan også velje emne med internasjonal studiereise.

Sist revidert

01.10.2018

Informasjons- og kildekompetanse

Studentane skal utvikle ferdigheiter i å søkje, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff i sine faglege arbeider. Dette er ein fagleg nøkkelkompetanse og basis for livslang læring. I samarbeid med fagmiljøane tilbyr derfor høgskolebiblioteket undervisning i fagspesifikk søkjing, referanseteknikk, kjeldekritikk og plagiatproblematikk. Det forventes at alle studentar har ei kritisk haldning til informasjonskjelder og bruker desse kjeldene på korrekt måte i alt fagleg arbeid gjennom heile studiet. Brudd på reglane om kjeldebruk reguleres i Forskrift om opptak, studier og eksamen ved Høgskolen i Innlandet. 

Studiets oppbygging og innhold

Studiet går på studiestad Evenstad. Studieåret er delt inn i fire blokker på 15 studiepoeng kvar. Det nettbaserte studiestøttesystemet Canvas blir nytta i undervisninga Andre studieåret vil studentane ha emnet Vitskapeleg metode og statistikk, men også få mulegheit til å forberede ei bacheloroppgåve innan Nærings utvikling og innovasjon ved å skrive ei bacheloroppgåve som ein forretningsplan eller ei utviklingsoppgåve.

Som valfag kan studentane velje fritt frå avdelinga sitt utval av emne – også emnar frå bachelorprogrammet i skogbruk, eller frå dei  internasjonale emna, gitt at studentane har oppfylt føresetnaden for å ta emne.

Som valemne kan ein til dømes ta:

Kull

2019

Emneoversikt
Studiepoeng År 1 År 2 År 3

Studenten kan velge mellom en forskningsbasert bacheloroppgave (6EV299) eller bacheloroppgave som innovasjonsprosjekt (6EV299BI)