Language: NOR | ENG

Studiemiljøet på Blæstad under covid-19

Covid-19 har påverka kvardagen til alle i forskjellig grad. I dette innlegget kan du lese om korleis det er å vera student under pandemien på Blæstad.

Å vera student er kjekt. Ein får læra meir om det ein er interessert i og velje sin eigen studiekvardag. Det absolutt kjekkaste for min del er det sosiale studiemiljøet, det er det som gjer studiet komplett. Det å diskutera, dela erfaringar og øve i saman er for mange fundamentet i å lykkast med studiet. 

Nedstenginga i vår

Under covid-19 har høgskolen vore kjappe med å stenge ned Blæstad, sjølv om me er ein liten skule. Me stengde sjølvsagt 13 mars, men i haust vart også Hamar tidleg i rød sone. Når me stengde 13. mars reiste dei fleste heim. Overgangen frå skule til Zoom var litt krunglete i byrjinga, men me vart fort drivne. Me visste ikkje om me fekk ta eksamen på skulen eller heime, i april kom beskjeden om at det var heime.

Dette var det folk som grua seg til, men mange gleda seg også. Det kan for mange vera lettare å skrive heime. Å bruke kjelder er ofte lettare sjølv om det krev meir utfyllande svar. Me starta opp som "vanleg" i haust, men vart sende heim igjen i november grunna koronautbrudd i Innlandet.  No skal me starte igjen 1.februar. 

Studentane er spreidde over heile landet

Det er stor skilnad på kor folk oppheld seg under covid-19. Dei med jobb på Hamar er ofte igjen, andre har slått seg ned her, medan dei fleste har spreidd seg over heile Noregs land. Me har gjennomført all planlagd undervising på Zoom, og dette fungerer bra. Det negative er at det ofte blir monotomt frå førelesaren, og lite gruppeoppgåver. Elles synes eg at førelesarane har vore flinke, me har bland anna hatt gardsbesøk på Zoom og ein del gjesteførelesarar. No er det eksamenstid, og dei fleste hadde søkt ly på biblioteket under normale forhold, men ein får heller ta kjøkkenbordet til hjelp. 

Bruk tida på ting ein ellers ikkje får tid til!

Eg vil oppmoda folk til å bruke denne "rolege" tida godt. Gå ein tur på fjellet, sjå ferdig den serien, les den boka som står i hylla og ta den ekstra kaffikoppen med bestemor. I år er også året til å setje litt ekstra pris på joletida og dei næraste rundt seg. 

Studiet er sjølvsagt ikkje optimalt som resten av Noreg, men ein har gjort det beste ut av det. Ser ein det frå ei lys side har me fått meir tid heime med vener og familie under høgtida. Vonar at oppstart i februar blir bra! 

-      Karina

Publisert: .
Sist endret: .
Emner: Blæstad 
Vil du hjelpe oss å bli bedre?