Language: NOR | ENG

Slik lærar eg best

Nytt år og nytt semester betyr nytt pensum som skal lærast. Å legge ein plan for studiekvardagen er eit godt verktøy for å minske stress, og ha meir kontroll mot eksamen. 

 

 

Det første eg gjer når eit semester startar er å få oversikt over ting som skal gjerast, innleveringsfristar og pensum. Eg startar med å sjå gjennom førelesingsplanane for å få eit innblikk i akkurat kva eg skal læra dette året. Alle obligatoriske innleveringar har som regel oppstart i byrjinga av semesteret, der ein får vite kor mykje dei tel på den endelege karakteren. I mange fag har ein obligatoriske seminar og oppmøte. Dette er viktig å tidleg merke av i kalenderen, samt vite kor mykje deltakelse som er forventa for å få godkjent. 

Gruppearbeid

Gruppeinndeling startar også tidleg i semesteret. Det kan vera ei ekstra stor utfordring under covid-19 å fordela oppgåvane seg i mellom, spesielt viss det skal skrivast mykje. Då er det viktig med godt samarbeid! Lag Zoom-møter og gruppechatter. 

Begynn i god tid

Dei fleste går inn i nytt semester med godt mot, utfordringa er å halde motet oppe heile vegen til eksamen. Nytt den ekstra energien i byrjinga til å begynne på oppgåvar, det kjem godt med seinare når ting spissar seg til. 

Notat

Eg lærar best av å skrive. Derfor tar eg nesten alltid notat til førelesingane, slik får eg det gjennom ”hovudet og fingrane”. Det gjer det også lett å finne tilbake til seinare. Noko av det viktigaste med notat er å ha orden i dei. Lage forskjellige mapper på PCèn, gode overskrifter og ha greie oppsett på dokumenta. 

 Eksamen

 Sjølv om det er lenge til eksamen, går tida fort. Eg pleier å lage infoark for kvart tema i kvart fag. Eg brukar A3 ark, og skriv ned viktige stikkord, teiknar og forklarar. Dette kan t.d. kjøpast på Ikea. 

 Få med deg førelesingane

 Nå med covid-19 har studentane veldig forskjellig dagsplan. Nokon arbeidar og andre er heime med ungar midt i førelesingar. Likevel rådar eg om å bli med på dei fleste, sjølv om det kan oppfattast keisamt over Zoom. 

Utfordre førelesarar og emneansvarlig

I normale semester har ein ofte besøk av gjesteførelesarar og reiser på ulike utferder. Dersom dette ikkje er lagt opp i år, er det lurt å spørje om dette er noko som kan arrangeras. Fordi det er alltid kjekt å få høyre ting frå ei annan side og spennande å læra noko nytt, gjerne knytt til jobblivet som ventar etter studier. 

Til slutt vil eg seie at alt går som regel ikkje etter planen, og ting blir ofte travlare på slutten, men det ordnar seg nesten alltid. 

Publisert: .
Vil du hjelpe oss å bli bedre?

Vil du hjelpe oss?

Vi vil bli bedre. Høsten 2021 lanseres inn.no på ny nettløsning. Vi setter pris på om du hjelper oss ved å svare på en kort spørreundersøkelse.

Du kan lese mer her.

Ønsker du å delta?