Language: NOR | ENG

Lidenskap blir til utdanning

Hei! Eg heiter Karina og er ein av dei nye studentbloggarane for Høgskolen i Innlandet. I dette innlegget blir du meir kjend med meg og mitt studieval.

Kven er eg? Jo, eg er Karina, 20 år frå Sandnes i Rogaland. Eg studerar andre året på bachelor i agronomi på studiested Blæstad ved Høgskolen i Innlandet. Eg er ei engasjert, utadvendt og glad jente som likar når ting skjer. Eg er oppvaksen på ei bygd litt utanfor Sandnes, og nyt godt av både bylivet og bygdelivet. 

Å velje utdanning er det mest vanskelege eg har gjort i livet mitt. Eg kunne trivdes me det meste, men i bunn og grunn er interessa, faktisk lidenskapen min landbruk. Føtene mine er godt planta på bakken, med fingrane i jorda. På vidaregåande gjekk eg to år landbruk på Øksnevad VGS, og det som skulle bli eit tredje år som agronom vart eit år med påbygg til generell studiekompetanse. Etter dette skulle eg ta eit friår, men bestemte meg ei veke før studiestart for at eg skulle studera agronomi. Eg skaffa meg bustad,  pakka sakene mine, sa farvel til mor og far, og reiste austover. Det gjekk over all forventning, og det som var eit umogleg val vart eit naturleg og riktig studieval for meg. 

Eg ville ha ei brei utdanning som kunne gje meg mange moglegheiter. Tidligare hadde eg sett på utdanningar som journalist og husdyr-vitenskap, men fann ut at eg treng variasjon og derfor falt valet på agronomi. Eg kjem frå gard, er odelsjente og skal bli bonde. Landbruket i Noreg er uforutsigbart etter mi meining, og derfor valte eg å skaffe meg ei utdanning i tillegg til kompetansen eg fekk på VGS. Dette gjer meg to føter å stå på i tilfelle noko skulle skje, eller dersom eg treng noko å falle tilbake på. Når eg er ferdig på Blæstad ser eg føre meg ein rådgjevarjobb i t.d. Tine eller Felleskjøpet. 

Fritida mi brukar eg på tur i skog og fjell, ofte i samanheng med sauegjeting. Eg er veldig sosial, og trivs best med mykje folk rundt meg. Eg bur i kollektiv på skulen saman med seks andre, og brukar mykje tid på "kaffeslaberas". Hedmarken er eit av Noregs beste landbruksområder, og mange organisasjonar som t.d. Geno, Norsvin, Graminor og NSG held til her. Dette gjer at miljøet og ny forsking innan landbruk er lett tilgjengeleg for oss studentar. Ein typisk dag for meg i "koronatida" er Zoom-undervising på morgonen, jobb på dagen og vera med vener på kvelden. 

Dette var litt om meg og mitt studieval. Eg gler meg til å dele meir med dykk. 

-Karina

Publisert: .
Sist endret: .