Language: NOR | ENG

Korleis få eit kollektiv til å fungere

 Å flytte og bu i kollektiv er sosialt, lærerikt og ofte den billegaste måten å bu for oss studentar. Her kan du lese om nokre ting som er viktige tenkje på før ein flyttar inn.

Det finnes mange ulike kollektiv rundt omkring. Nokon bur under høgskulen (Sinn) sine boligar, medan andre leigar privat. Å bu i kollektiv ville eg aldri vera forutan, ein vert kjent med nye folk og er nesten aldri åleine. For mange vert det også ein mindre overgang frå å bu heime til kollektiv, ettersom det alltid er liv og røre. Det er morsomt korleis forskjellige personar med ulik bakgrunn frå ulike stadar i Noreg, saman vert ein god gjeng. 

 Det sikkert mange kan kjenna seg igjen i er at det er ofte liten plass i kollektiv. Ein får ofte eit rom til rådes, her skal alle private eigendelar vera og her skal ein sitte å drive med skuleabreid. Å ha tilgang på bod/kjellar er ofte essensielt for å kunne få plass til dekk til bilen, ski og anna utstyr. 

Det største problemområdet

Det største problemet i eit kollektiv etter mi meining er kjøkkenet. Her skal alle lage mat saman eller på tur, og det er ofte liten i plass i både kjøleskap og frysar. Det er sjølvsagt opp til kvart kollektiv korleis ein organiserer det, men det viktigaste er å vera einige i korleis det skal gjerast. I vårt kollektiv har me delt kjøleskapet opp slik me har kvar vår hylle i både skapet og i frysa. Dette fungerer veldig bra. Eit anna tips er å ha gode rutinar på kor ting skal stå, slik det er lett å finne for neste mann. 

Vaskeveke?

Når det er mange personar, blir det skittent uansett kor mykje ein ryddar. Å innføra vaskeveke kan vera lurt, slik det vert skikkeleg reint ei gong i veka. I vårt kollektiv har me løyst det slik at me har kvar vår veke som me vaskar og med gjeremål på kva som skal vaskast. Andre kollektiv brukar å vaske på likt ein dag i veka, medan andre har ikkje ei rutine. Det er ikkje ei oppskrift på kva som er best eller ikkje. 

Organiserer utleige

Det finnes ulike måtar på å samhandle med utleigar. Ein måte er at ein person i kollektiv betalar ein sum til huseigar, og resten av kollektivet betalar inn til denne personen. Då står denne personen ansvar for leieforholdet, om alle betalar leige og eventuelle skadar. Dersom dette er aktuelt, bør ein ha gode underavtalar. Ein annan måte er at kvar person betalar seperat til utleigar. Dette er etter mi meining den beste løysinga

Kontrakt

Det er viktig å ha ein kontrakt både for huseigar og student. Denne forteljar om leigeforholdet, betaling, reglar og utvask. Det mest normale er å ha 3 månads oppsigelse. Men det finnes også 1 år(studieåret) og andre moglegheiter. Langtidsleige er garantert det beste for huseigar, men skulle noko uforutsett skje i løpet av året må ein betale fult ut(som regel går det bra). 

Avsluttande vil eg seie at det å bu i kollektiv er absolutt å anbefale! 

Publisert: .
Sist endret: .