Language: NOR | ENG

Dette kan du gjera etter endt grad

Snart ferdig med graden din? Etter mange år på skule står du der med graden din, men skal du bruke den i arbeidslivet eller fortsette med noko anna? I dette innlegget kan du lese nokre forslag på kva ein kan gjere. 

Dersom ein vil studera meir treng ein nødvendigvis ikkje byrje på ein ny grad. Det kan vera vell så lurt å supplera med enkeltemner eller årsstudium som styrkar graden din, eller peiker deg inn i ein retning som du er spesielt interessert i. Enkeltemne innan ledelse og økonomi er nokon forslag. Ein annan grunn er dersom ein har sett for seg ein spesiell master, og treng å ta opp fag for å kome inn. Her er det viktig å ta kontakt med studieveiledar tidleg for å finne ut kva du eventuelt manglar. 

Fagskule

Fagskule gjer deg spisskompetanse innan eit felt kombinert med kunnskap du allereie har. Ofte må ein ha tilknytning til emna for å kome inn. Fagskule er mykje meir yrkesretta mot arbeidslivet. Oppgåvene og studiet generelt skal gjere deg klar for å byrje rett i jobb. Ei fagskuleutdanning er ofte tilrettelagt slik at ein kan arbeide på likt med studiene. 

Mastergrad

Dersom ein er motivert og ønskar å fordjupe seg enda meir teoretisk er master eit alternativ. Fordelane er at ein får ofte høgare løn og er meir attraktiv på arbeidsmarknaden.

Det finnes ulike kombinasjonar av mastarar. I mange tilfeller tilbys det master som overlapper direkte frå bacheloren. I andre tilfelle kan ein skaffe seg tverrfagleg kompetanse ved å kombinera ulike fagfelt. Til dømes kan ein ta ein bachelor i agronomi på Blæstad, og fortsette med ein master i plantevitenskap på NMBU. Detter gjer ein unik kombinasjon. 

Søkje jobb

Ein moglegheit er å starte å arbeide for å praktisera utdanninga ein har teke. Ein kan byrje å tene pengar, praktisere ny kunnskap og bygge ein karriere. Det kan vera vanskeleg å koma inn på arbeidsmarknaden. Dette avhenger ofte om kva type utdanning ein har og erfaring frå før. Derfor er det lurt å skaffe seg relevant erfaring gjennom studietida som kan spe på CVen.

Dra til utlandet

Flere utdanningsinstitusjonar gjer stipend til EU-land etter avlagt grad (mellom 3-12 mnd). Gjennom praksisoppholdet får ein erasmus+ stipend på mellom 610-660 euro i månaden.

Ein må sjølv finne praksisstad og den må verte godkjent av fakultet/institutt. Praksisen startar semesteret etter avslutta grad. Ein kan vera hjå bedrifter privat og offentleg eller organisasjonar. Her er moglegheitene store, og ein kan skreddersy sitt eige opphald. 

Publisert: .
Sist endret: .
Emner: Blæstad