Language: NOR | ENG

Det faglege på agronomi dette semesteret

Under covid-19 er det utfordrande å få det faglege utbyttet som ein elles får. Sjølv om høgskulen, førelesarane og emneansvarlige gjer det dei kan for at det ska likna det vanlege. 

Vårsemester andre året agronomi

Eg går no andre året på bachelor i agronomi. Me er over halvvegs dette semesteret allereie, og etter ein kjapp april månad er me plutselig inne i eksamensperioden.

Dette semesteret er veldig greit oppsett, me har undervising tysdag, onsdag og torsdag, medan måndag og fredag har me sjølvstudie. Blæstad er flinke å leggje til rette for at studiekvardagen vår skal bli best mogleg, dette gjer det lett å kombinera med jobb og andre aktivitetar. 

Feltmekanisering våronn

Faget består av emna feltmekanisering fra og med våronn fram til høsting, driftsplanlegging og mekaniseringslinjer, presisjonsjordbruk, jordpakking, vanningsutstyr og vanningsanlegg, kvalitetssystem i landbruk og HMS i jordbruket. 

Dette er eit breidd fag som går inn på dei fleste operasjonar når det kjem til jordarbeiding. Det handlar om å lage eit optimalt såbed for plantene og skjøtsel fram til hausting. Me har undervising to gonger i veka på Zoom. Ei utfordring er at i dette faget skal me ha mykje praksis for å sjå korleis dei ulike maskinane fungerar i felt.

Det er lagt opp til tre veker praksis i slutten av semesteret, men dette vert truleg over Zoom noko som er veldig synd. Faget er bygd opp slik at eksamen tel 55 prosent medan ei stor individuell innleverings oppgave tel 45 prosent. Denne oppgåva består av åtte deler knytt til tema ovanfor. 

Landbruksøkonomi og grønt entreprenørskap

Dette er eit fag der me går inn på mange forskjellige tema knytt til korleis ein skal lage ein forretningsplan og drive ei bedrift. Me har forskjellige førelesarar, noko som gjer det veldig interessant og varierande. I tillegg er det ofte gjesteførelesarar frå t.d. bankar eller Innovasjon Noreg som fortel kva dei legg vekt på når ein skal søkje om lån og tilskot.

Dette faget har me undervising i ei gong i veka ein heil dag. I dette faget tel eksamen 50 prosent , 40 prosent på individuell oppgåve og 10 prosent på ei gruppeoppgåve.  Den individuelle oppgåva bygg på eigen forretningsplan, medan gruppeoppgåva er ein felles forretningsplan. 

Publisert: .
Sist endret: .
Emner: Blæstad