Language: NOR | ENG

Derfor bør du velja agronomistudier på Blæstad

Landbruket treng allsidig agronomisk kompetanse for å sikre matproduksjon, og for å oppretthalde livet i bygd og by. 

Styrke teoretiske og praktiske kunnskapar

Ein god grunn til å studera er for å styrke dei teoretiske og praktiske kunnskapane som ein har og vil byggje vidare på. Nokon er gode å gjere ting praktisk, men veit kanskje ikkje heilt kvifor ein gjer noko.

På Blæstad lærar ein teorien bak t.d. rett kalvefôring, dette gjer at ein vert oppdatert og open for ny, meir og variert kunnskap om emnet som styrkar ein uansett kva jobb ein tek vidare innan landbruk.

Studentane får vera med ute på garden, sjå mykje nyskapane og kult som gjer praktiske og inspirerande kunnskap. 

Sjølv synes eg spesielt at den forskningsbaserte undervisinga er noko av det som gjer det mest interessant, nytt og faglig spanande. 

Moglegheit for å jobbe og bli utfordra på ditt eige interessefelt

Dei fleste som studerar på Blæstad har eit ønske om å jobbe med landbruk. Landbruket har eit breidt spekter, nokon likar godt teknikk, andre dyr og nokon miljø, alt dette kan ein lære meir om på Blæstad.

Samstundes får ein god erfaring med tema ein kanskje ikkje interessar seg like mykje for, men som er viktig å ha i botnen for å bli god på det ein likar best. Blæstad har utruleg mange interesserte studentar, og mange lærar mykje av kvarandre. Nokon har erfaring frå nord norge, andre frå vestlandet og ein del frå austlandet, saman vert det mange interessante samtalar om t.d. ulike praksisar og  vekstsesongar. 

Miljøet og studietida

Studiemiljøet er det beste med Blæstad. Me er få elevar og alle blir kjent med alle omtrent. Det er lett å kome inn, og det er veldig inkluderande. Ein får auka nettverk i heile Noreg, sidan det er den einaste staden i Noreg som tilbyr dette studiet.

På campus er det fasiliteter som bibliotek, kantine, bar, laboratorium og treningssenter for studentane. Me har også studentorganisasjon som finn på mykje kjekt og sosialt som t.d. idrett, fotball, klatring og gardsbesøk. 

Arbeidslivet

Arbeidslivet søkjar personar med høgare utdanning, og mat er noko alle er avhengige av. Korleis me skal løysa miljøutfordringar, forbetre og vidareutvikle norsk landbruk kvilar på oss agronomistudentar og dette gjer oss attraktive for arbeidsmarknaden.

Skulle det også bli arbeidsløyse er dei med utdanning ofte priotert, ein er også kvalifisert for høgare løn. 

I hjarte av

Blæstad ligg i hjarte for norsk matproduksjon og utvikling i landbruket. Dette gjer at me studentar er tett på næringa. Organisasjonar og bedrifter som t.d. Tyr, NSG, Geno, Norsvin, Graminor og Strand Unikorn held til i Hamar området. Landbruksrådgjevinga i Innlandet har kontor på Campus og nokre gonger har me gjesteførelesarar her frå. Å ha kontakt med næringa er gull verdt med tanke på innblikket me får i vårt framtidige arbeidsliv, og korleis det me lærar vert utført i praksis. 

 

Publisert: .
Sist endret: .