Gjesteforskarar på Humboldt-universitetet i Berlin

Gjesteforskarar på Humboldt-universitetet i Berlin

Anne Golden (Mulitling), Lise Iversen Kulbrandstad, Lars Anders Kulbrandstad, Birgit Heppt, Petra Stanat og Nicole Haag fra Institut zur Qualitätsentwicklung im Bildungswesen.

I haust har professorane Lise og Lars Anders Kulbrandstad ved Avdeling for lærarutdanning og naturvitskap vore gjesteforskarar på Nordeuropa-instituttet på Humboldt.

Humboldt-universitet ligg midt i hjartet av Berlin, på hovudgata Unter den Linden. Den moderne universitetstradisjonen med si tette kopling mellom undervisning og forsking  og med sterk vekt på akademisk fridom har røter her, og har vore sentral heilt frå universitetet blei grunnlagt i 1810 av Wilhelm von Humboldt. I dag har universitetet meir enn 30 000 studerande, og har sidan 2012 vore del av Tyskland si satsing på eksellens.

I Berlin

Professorane Lars Anders og Lise Kulbrandstad likar seg godt i Berlin og på Humboldt-universitetet

 

Nordeuropa-instituttet med 550 studentar

- Det har vore nokre rike månader, seier Lise.

- Det kjennest like spesielt kvar morgon å låse seg inn på sitt eige kontor på dette universitetet med så stolte tradisjonar. Nordeuropa-instituttet har 550 studentar, halvparten studerer svensk, den andre halvparten norsk eller dansk. Vi har gjesteforelese både på bachelor- og masternivå for dei norskstuderande. Studentane har mange ulike motiv for å studere norsk. Nokre vil arbeide eller studere vidare i Noreg, andre vil arbeide innan media, forlag eller med handel mellom Noreg og Tyskland, og nokre vil forske.

Tysk utdanningsforsking

- Eg har brukt mykje tid på å setje meg inn i den tyske utdanningsforskinga, seier Lise.

- Faktisk var det ein viktig motivasjon for å reise til Berlin. I dei siste tiåra har engelsk vakse fram som det sentrale vitskapsspråket. Fagfolk i Noreg les nesten ikkje forsking frå dei tyskspråklege landa meir. Det gjeld også for meg, sjølv om eg faktisk er utdanna tysklærar. Dette ville eg rette opp med opphaldet her. Og eg har funne verkeleg mykje interessant litteratur om undervisning for innvandrarelevar, leseundervisning og ikkje minst lærarutdanningsforsking. Tyskarane har lange tradisjonar for fagdidaktisk forsking. Og alt dette støtter godt opp under min eigen forskingsprofil og ikkje minst lærarutdanningsprofilen ved høgskolen vår.

- Vi har også forelese på universitetet sitt institutt for praktisk utdanningsforsking, Institut zur Qualitätsentwicklung im Bildungswesen, skyt Lars Anders inn. Saman med professor Anne Golden frå Multling Universitetet i Oslo, presenterte vi pågåande forskingsprosjekt og hadde dialog om ulike tyske prosjekt om utdanning av innvandrarar, ein interessant dag der vi knytte nye kontaktar.

Kunnskapsdepartementet med ny satsing på Tyskland

I oktober lanserte Kunnskapsdepartementet ein tiltaksplan for satsing på tysk-norsk samarbeid. Måndag den 7. desember deltok Lise på eit møte med KD i ambassaden. Temaet var korleis vi skal få til eit betre utdannings- og forskingssamarbeid.

– Eg hadde to hovudbodskap. Den første er å satse på lærarar og lærarutdanning, og det andre er å stimulere forskarar frå Noreg til å reise til Tyskland, setje seg inn i tysk forsking og finne samarbeidspartnarar som igjen kan føre til felles forskingsprosjekt.

Ikkje berre fag

Eit gjesteforskaropphald gjev også rike moglegheiter til å oppleve staden. Berlin er ein by som har mange tilbod. Vi har opplevd alt frå Brechts Mutter Courage, til den fantastiske akustikken i konserthuset til Berliner Philarmonikarane og no i desember dei mange julemarknadene, som verkeleg set sitt preg på byen, avsluttar dei to professorane.

 

Aktuelle lenkar:

https://www.ni.hu-berlin.de/de

https://www.iqb.hu-berlin.de/

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/vil-at-flere-skal-lare-tysk/id2459171/

Sist endret: .