Ny bok: Spesialundervisning. Innhald og funksjon

Forside på boka "Spesialundervisning. Innhald og funksjon"

Boka Spesialundervisning. Innhald og funksjon er eit resultat av samarbeidet forskerar ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Innlandet har hatt i prosjektet SPEED - the function of special education

Kva handlar spesialundervisning om, og kva funksjon har den? Boka Spesialundervisning. Innhald og funksjon gir svar på dette spørsmålet etter ein omfattande forskingsinnsats. Thomas Nordahl, Hege Knudsmoen og Gro Løken, SePU, er av forskarane som har bidrege til boka. 

Det er nytta mykje ressursar til spesialundervisning, mange elevar får spesialundervisning samstundes som kunnskapen vår om spesialundervisninga i praksis er avgrensa. Vidare kjem det fram signal som tyder på at spesialundervisninga for mange elevar ikkje fungerer slik den var tenkt.

Skal vi skjøne spesialundervisninga, må vi også forstå den ordinære opplæringa. Difor studerer prosjektet begge deler, og relaterer mange av drøftingane om spesialundervisning opp mot den ordinære opplæringa. Vi legg til grunn komplementaritetsteorien, at når den ordinære opplæringa er god, er behovet for spesielle tiltak lite. Og omvendt, om den ordinære opplæringa er mindre god, aukar det behovet for spesielle tiltak. Eit omfattande datagrunnlag med mellom anna data på totalt 16 000 elevar og 160 elevar som får spesialundervisning ligg til grunn for artiklane i denne boka.

Boka er skriven spesielt for dei som arbeider med spesialundervisning anten i praksis eller i forsking.

ISBN: 97882521 94111, Pris: 349,-

De kan tinge boka på https://samlaget.no/products/spesialundervisning-innhald-og-funksjon

Lanseringsseminaret for boka vart filma, og du kan sjå sendinga her:  https://youtu.be/2HUDNmruLA4

Sist endret: .