NORKOG er den første norske foreininga for kognitiv lingvistikk, og ein møtestad for lingvistar og andre som er interesserte i dette teoretiske rammeverket.

Logo for NORKOG

Sentrale kjenneteikn ved kognitiv lingvistikk er at ein ser språk og språkbruk i lys av generelle kognitive evner, ein legg stor vekt på beskriving av tyding og ein går ut ifrå at språkbruk er viktig for å forstå korleis språksystemet er bygt opp.

NORKOG arrangerer Kognitivt sommarseminar, som er ein viktig møteplass for kognitive lingvistar i Noreg. Seminaret blir arrangert annakvart år, og alternerer med konferansen til  The Scandinavian Association of Language and Cognition (SALC), som er den nordiske systerorganisasjonen til NORKOG. Kognitivt sommerseminar for 2020 er utsett til juni 2021. Du kan lese meir på arrangementssida hos UiT.

NORKOG blei skipa på Kognitivt sommarseminar i Tromsø i 2008, då deltakarane blei einige om at det var på tide å formalisera eit nettverk for kognitivt orienterte lingvistar i Noreg. Målet er å gjera det lettare for oss å dela informasjon om relevante aktiviteter, og å halda kontakten med kvarandre. I tillegg ønskjer vi å bidraga til lingvistisk terminologibygging på norsk.

NORKOG er affiliert med  International Cognitive Linguistics Association (ICLA), og vi ønskjer på denne måten å knyta oss til utanlandske forskingsmiljø. Ein av styrkane til kognitive tilnærmingar er at dei femnar breitt, og dette vil vi skal vera synleg i vår organisasjon.

Styret

Leiar i foreninga er Pernille Hansen, Høgskulen i Innlandet. Dei andre styremedlema er:

  • Eli Anne Eiesland, Universitetet i Sørøst-Norge
  • Urd Vindenes, Universitetet i Sørøst-Norge
  • Tore Nesset, UiT Norges arktiske universitet (representant for arrangementskomite)

Kontakt oss

Ta kontakt med Pernille Hansen dersom du har spørsmål eller tips om aktuelle faglege aktivitetar, så kan vi dele det vidare til medlema gjennom e-post-lista vår. Vi har òg ei Facebook-gruppe. Medlemskap er gratis og uforpliktande. For å bli medlem, ta kontakt med Pernille.