Tilgjengelegheitserklæring for inn.no

Alle skal ha lik moglegheit til å bruke nettstaden vår. Denne erklæringa gjeld ikkje for underdomene (subdomene) til nettstaden.

Vi brukar verktøyet Siteimprove til å kontinuerleg måle i kva grad inn.no oppfyller krava til tilgjengelege nettsider (universell utforming). Verktøyet gir oss kontinuerleg ein poengsum ("Accessibility Score") som viser i kva grad nettstaden samsvarar med standardane i WCAG 2 (Web Content Accessibility Guidelines). 

Vi bryr oss om tilgjengelegheit

Høgskolen i Innlandet (HINN) er pliktig til å:

Tilgjengelegheitsprinsippa vi følgjer:

Seksjon for kommunikasjon og samfunnskontakt ved HINN tar universell utforming av IKT på alvor, og har dedikerte personar og verktøy for å følgje med på status for nettstaden. Gjennom arbeidsøkter kvar veke rettar vi opp i WCAG-feil, samt legg langsiktige planar for korleis vi skal løyse dei resterande problema (både innanfor og utanfor WCAG).

Er det noko du ikkje klarar å lese på inn.no?

Kontakt oss for å få tilsendt innhald i eit anna format. Du kan sjølv velje korleis du vil ha innhaldet. Eksempel på dette kan vere universelt utforma PDF-ar, Word-filer eller print på papir.

Fungerer ikkje skjermlesaren slik den skal på nettstaden vår?

Kontakt oss på telefonnummeret 62 43 00 00 (sentralbord) og få innhald lest opp via telefon.

Tips og triks:

Tekststorleik:

  • Hald inne Ctrl og tast + (pluss) for å zoome inn.
  • Hald inne Ctrl og tast - (minus) for å zoome ut.
  • Hald inne Ctrl og tast 0 (null) for å gå tilbake til start.

Skjermlesar:

Verktøy og sider om tilgjengelegheit:

For innhald på engelsk:

  • Read the Words – gratis netteneste som konverterer tekst til tale (readthewords.com).
  • WebbIE – gratis program som gjer det lettare for blinde og svaksynte å bruke nettet (webbie.org.uk).

Korleis kan du seie frå om manglande tilgjengelegheit?

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller er språket vanskeleg å forstå?
Er det noko som hindrar funksjonalitet, eller går du glipp av innhald på inn.no?

Vi set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelegheit!

Kontakt webansvarlig i HINN, Nan Cecilie J. Kolby

 

Du kan også klage til Likestillings- og diskrimineringsombodet.

 

 

Publisert 17. aug. 2021 13:14 - Sist endret 21. sep. 2021 11:36