God kommunikasjon og eit givande samarbeid om praksisen, er eitt av skussmåla som kjem fram i sluttrapporten frå den omfattande NOKUT-evalueringa som har vore utført i perioden 2020-2022. Evalueringa omfatter alle lektorutdanningane for trinn 8 - 13 ved 11 ulike utdanningsinstitusjonar.
Lektorutdanninga på Hamar er ikkje av dei største i studenttal, men står i ein lang tradisjon med lærarutdanning i over 150 år.
Ein av kvalitetane som kjem fram i rapporten, er kombinasjonen av undervisning i disiplinfaga som er «godt knyttet til etablerte og solide forskningsmiljøer» (s. 112), samtidig som studentene får høyre til på eit studieprogram med liten avstand til undervisarar og administrasjon.
Samarbeid med praksisfeltet i vidare utvikling
Komiteen som er nedsett av NOKUT, har mellom anna gjennomført spørjeundersøkingar og intervju med skoleleiarar og praksislærarar.
Frå dette materialet konkluderer ein i rapporten med at: «Praksisfeltet er uvanlig samstemt om at samarbeidet med HINN fungerte bra. De opplever god kommunikasjon og et givende samarbeid om praksisen, men også om FoU-arbeid.(…) Likevel ville de gjerne delta i mer samarbeid, for eksempel FoU-prosjekter eller en større grad av involvering i campus-utdanningen» (s. 111).
Dekan ved Fakultet for lærarutdanning og pedagogikk, Morten Ørbeck, er glad for desse signala frå praksisfeltet, og for det solide partnarsamarbeidet HINN allereie har med både grunnskole og vidaregåande skole i Innlandet.
Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet med den nasjonale strategien Lærerutdanning 2025 frå Kunnskapsdepartementet, som ber lærarutdanningsinstitusjonane om å utvide samarbeidet med praksisfeltet.
– Praksisfeltet og lærarutdanningane skal arbeide fram eit partnarskap som kan inkludere samarbeid om undervisning, hospitering, forskingssamarbeid, altså meir enn berre eit praksissamarbeid.
– Dette har vi halde på med i nokre år allereie, gjennom eit prosjekt med fem lærarutdanningsskolar i grunnskolen. Nytt frå i haust er at vi utvidar prosjektet ved å òg få med vidaregåande. Det ønsker vi at skal vere ein utviklings- og forskingsarena for dei som underviser i lektorprogrammet vårt - og som vil komme studentane til gode, seier Ørbeck.
Utvikling av lektoridentitet
Vilkåra for utvikling av lektoridentitet er ei felles utfordring på tvers av utdanningsinstitusjonane.
Størstedelen av emna studentane tar, er reine disiplinemne, kor HINN tilbyr norsk, engelsk og samfunnsfag for lektorstudentane, saman med studentar som ikkje er i ei lærarutdanning. I tillegg tar lektorstudentane emne innafor pedagogikk og fagdidaktikk.
Utviklinga av ein profesjonsidentitet har altså litt andre vilkår enn i grunnskolelærarutdanningane, der studentane i hovudsak har emne saman med andre lærarstudentar.
Rapporten understrekar at studentane sitt eige engasjement er heilt avgjerande for å utvikle profesjonsidentitet. Eit slikt engasjement kan for eksempel komme til uttrykk i ei linjeforening. Tidleg i vårsemesteret 2022 etablerte ei gruppe ivrige lektorstudentar på Hamar LENS, Linjeforeninga for engelsk, norsk og samfunnsfag, med slagordet «For et samlet lektorstudium».
Leiaren i LENS, Martin Bjørsrud, fortel at linjeforeninga ønsker å vere ein del av studentane sin kvardag, ein samlingsstad i lektorsamfunnet på studiestad Hamar.
– Vi ønsker at det skal vere låg terskel for å samlast på dei møteplassane LENS lagar, både fysisk og på sosiale medium. Førebels har aktivitetane hatt hovudvekt på det sosiale, som er kjempeviktig, men i tillegg vil vi vere ein arena for fagleg aktivitet, med erfaringsdeling, kollokviegrupper og debatt.
Bjørsrud kjenner seg igjen i spenninga mellom fag og profesjon, som NOKUT-rapporten peiker på. Lektoridentitet er noko dei snakkar om i LENS. Leiaren i linjeforeninga meiner at ein bør kunne sjå på denne spenninga som noko anna enn eit problem, men heller som ein ressurs, ein stad å finne komplekse svar på kva det vil seie å arbeide som lektor i ungdomsskolen og i vidaregåande skole.
Nyttige lenker
- NOKUT-rapport 15/2022. Sluttrapport fra evalueringen av lektorutdanningen for trinn 8-13
- Lektorutdanning i språkfag ved HINN
Kontaktinformasjon
- E-post
- morten.orbeck@inn.no
- Telefon
- +47 62 51 76 03