Language: NOR | ENG

Bjørnsonforedraget

Bjørnstjerne Bjørnson

Bjørnsonforedraget skal kome frå ein talarstol for framifrå forfattarar, med engasjement i samfunnsspørsmål, nasjonalt og internasjonalt. Problemstillingar knytte til kamp for ytringsfridom, menneskerettar og demokrati er særleg relevante.

Arrangementet blei gjennomført for fyrste gong 31. mai 2007 som ein del av  Norsk litteraturfestival - Sigrid Undset dagene.

Forelesninga skal vere ein del av dei samfunnsmessige formidlingsoppgåvene til høgskulen.

Bjørnsonforelesninga er eit samarbeid mellom Høgskolen i Innlandet, Norsk litteraturfestival, BjørnsonakademietNansenskolen og Stiftelsen Lillehammer museum.

Tidlegare Bjørnsonforelesarar

  • 2020: Maja Lunde  "Når krisen er over oss, hva føler vi, hva tenker vi, hva gjør vi? Hva kunne vi gjort annerledes, og hva er mulig å gjøre annerledes fremover?"
  • 2019: Carsten Jensen (DK) "Hvordan blir vi fiender? Konstruksjon av `den andre`"
  • 2018: Elif Shafak (Tyrkia) "Litteraturens rolle i en verden i endring"
  • 2017: Kamila Shamsie (Storbrittania/Pakistan) " You could’t make this up"
  • 2016: Sofi Oksanen (Estland/Finland) "What's it like to write about Russia?"
  • 2015: Margaret Atwood (Kanada) "Hva er en bok?"
  • 2014: Slavenka Drakulić (Kroatia) "Fred og forsoning"
  • 2013: Märta Tikkanen (Finland) "Inspiration och konkurres. Tankar kring konstärektenskap"
  • 2012: Ali Ahmad Said/Adonis (Syria) ”Poesiens krise i den islam – arabiske kultur”
  • 2011: André Brink (Sør-Afrika) “Reconciliation in life and literature” og Tonje Vold “Å skrive fram en ny nasjon: Sørafrikansk litteratur etter apartheid”
  • 2010: Edvard Hoem og Mustafa Can (Sverige) "Undertrykte stemmer".
  • 2009: Sahar Khalifeh (Palestina) "Sannhet, undertrykking og ytringsfridom".
  • 2008: Musa Mutaev (Tsjetsjenia) "Er livet eit stort mirakel".
  • 2007: Yasar Kemal (Tyrkia) "Thoughts of Art and Nature".

 

Bjørnsonforedraget