Statsråd Iselin Nybø til Hamar for å verve studentar til lærarutdanningane

Forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø

Forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø (Foto: Marte Garmann / KD)

Måndag 8. april besøker forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø tredjeklassingane ved Storhamar vidaregåande skole, for å snakke om lærarutdanning og læraryrket. 

Med seg har ho ei gruppe lærarstudentar frå Høgskolen i Innlandet. Målet er å inspirere elevane til å velje lærarutdanning før søknadsfristen for høgre utdanning 15. april.

Hedmark og Oppland treng mange dyktige lærarar i åra som kjem, spesielt for dei yngste elevane.

  • Av dei om lag 5100 lærarane i grunnskolen i Hedmark og Oppland, er 220 ukvalifiserte.
  • Det er også bortimot 630 lærarar i dei to fylka som er 60 år eller meir, og som dermed nærmar seg pensjonsalder.
  • Berre 26 og 24 prosent av lærarane i grunnskolen i Hedmark og Oppland er menn.
  • I 2040 vil Noreg mangle 5800 grunnskolelærarar på landsbasis.

Program måndag 8. april

  • Tid: kl. 10.30-11.15: Statsråd Nybø og lærarstudentar frå Høgskolen i Innlandet besøker tredjeklassingar på studiespesialisering på Storhamar VGS for å snakke om lærarutdanning
  • Stad: Storhamar vidaregåande skole, Mabel Sandbergs veg 25, Hamar

Pressa er velkomen og det blir høve til å intervjue både statsråden og studentar.

Statsråden skal også ha møte med Høgskolen i Innlandet sitt fakultet for lærarutdanning og pedagogikk om tiltak for å styrke rekruttering. 

Kontakt:

Journalistar som ønsker å intervjue statsråd Nybø kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Johanne Severinsen, tlf. 901 433 94, johanne.severinsen@kd.dep.no

Sist endret: .