Language: NOR | ENG

Ny bok: Distriktspolitikkens historie i Norge

illstrasjonsbilde

Lansering av boka "Distriktspolitikkens historie i Norge" skjer mondag 2. mars kl 1130 i biblioteket på studiestad Lillehammer

Professor Håvard Teigen har skreve boka "Distriktspolitikkens historie i Norge", og vil mondag 2. mars samtale om boka med Hallgeir Aalbu i høgskulebiblioteket på studiestad Lillehammer.

Boka handlar om utviklinga av norsk distriktspolitikk i tida etter andre verdskrigen og korleis nettopp distriktspolitikken har vore viktig ved store vendepunkt.

Teigen er professor emeritus ved Handelshøgskolen Innlandet - Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. 

Hallgeir Aalbu har hatt dei fleste og viktigaste rollene i norsk og nordisk distriktspolitikk. Han har mellom anna vore forskar i NIBR, konsulent i Norges forskingsråd, direktør i Nordlandsforskning, direktør i Nordregio. Ikkje minst: han har vore ekspedisjonssjef med ansvar for distriktspolitikken i ei årrekke. Som leiar for det regjeringsoppnemnte Effektutvalget har han hatt ansvar for den viktigaste forskingsbaserte utgreiinga på 2000-talet. Han er no prosjektleiar i KMD med ansvar for nasjonal oppfølging av FN sine bærekraftmål.

Her kan du bla i boka

Lanseringa skjer i høgskulebiblioteket på studiestad Lillehammer mondag 2. mars frå 11:30 til om lag 12:30. 

Det blir servering av kanelsnurr og kaffi.