Language: NOR | ENG

Nasjonal norskkonferanse på Hamar

Pressefoto nynorskkonferanse

Professor Siv Måseidvåg Gamlem ved Høgskulen i Volda skal ha innlegg om læringsfremjande vurdering. Leiar Torgeir Parr Dimmen ved Nynorsksenteret håper mange er interesserte i å få oppdatert kunnskap om norskfaget i fagfornyinga. (Foto: Nynorsksenteret)

Nynorsksenteret inviterer til fagkonferanse om det nye norskfaget på campus Hamar 19.–20. november.

Nye læreplanar for alle fag kjem i haust. Frå hausten 2020 skal dei takast i bruk på alle klassetrinn. Fagfornyinga vil derfor setje sitt preg på skuleåret 2019/2020.

Påmeldingsfrist til konferansen er 15. oktober

– Vi veit at mange er interesserte i å få oppdatert kunnskap om norskfaget i fagfornyinga. Vår konferanse på Hamar er eit tilbod som går rett inn i denne prosessen. fortel leiar Torgeir Parr Dimmen ved Nynorsksenteret.

Nasjonalt oppdrag

Nynorsksenteret held til ved Høgskulen i Volda. Oppdraget er nasjonalt, og valet av Hamar som konferanseby og Høgskulen i Innlandet som samarbeidspartnar er difor ikkje tilfeldig.
– Vi skal formidle kunnskap og ressursar for å styrke nynorskopplæringa over heile landet, både der nynorsk er hovudmål og der det er sidemål. Førre nasjonale nynorskkonferanse var i Bergen, midt i det nynorske kjerneområdet på Vestlandet. No ønskte vi å legge konferansen i ein region der dei fleste skuleelevane har bokmål som opplæringsmål, fortel senterleiaren.

Fagfornyinga

Fagfornyinga er eit godt grunnlag for nye og spennande måtar å drive skrive- og leseopplæring på. Det ligg mellom anna godt til rette for å arbeide meir parallelt med dei to norske skriftspråka heilt frå dei første klassetrinna.

– Vi reknar med at mange gjerne vil ha gode tips om korleis drive god norskopplæring etter dei nye læreplanane. Programmet er lagt opp slik at det skal passe for lærarar som underviser på alle klassetrinn, både i bokmåls- og nynorskområde, seier senterleiaren.

Sentrale fagområde Innleiarane i plenumsforedraga vil ta opp tema som gjeld fleire sentrale fagområde.

Første dagen skal Åse Wetås, direktør i Språkrådet, snakke om kva slags norskopplæring vi treng i framtidas skule. Christian B. Bjerke, leiar i fagplangruppa, skal presentere den nye norskplanen. Kåre Kverndokken, dosent i norskdidaktikk, vil forsøke å svare på korleis ein kan hindre mental utmelding hos elevar. Andre dagen skal Siv Måseidvåg Gamlem, medlem av Utdanningsdirektoratet si ekspertgruppe om vurdering, snakke om læringsfremjande vurdering.

Det blir også parallellsesjonar med ulike perspektiv, mellom anna om bokmåls- og nynorskundervising for alle klassetrinn, helt frå småskulen til vidaregåande.

Språkvitar og forfattar Kristin Fridtun avsluttar konferansen med foredraget Det norske språkmangfaldet: Ein lapskaus, eit villnis eller ein god gin og tonic?

I samband med konferansen kjem forfattar Tore Renberg til Hamar kulturhus. I den særeigne framsyninga blandar vår tids mest lesne rogalending sjangrane litteratur, teater, musikk og standup.

Sist endret: .