KRLE i Berlin

Vebjørn Horsfjord foredrar ved Brandenburger Tor (foto: Anders Aschim)

Førsteamanuensis Vebjørn Horsfjord teiknar og fortel ved Brandenburger Tor under byvandring i Berlin (foto: Anders Aschim)

Den årlege studieturen i regi av fagseksjonen for religion, livssyn og etikk gjekk denne gongen til Berlin 18.-21. februar, med innlagt dagstur til Lutherbyen Wittenberg.

25 studentar frå fire klassetrinn i grunnskolelærarutdanninga deltok, saman med tre lærarar.

Programmet spente frå solide innføringar i den lutherske reformasjonen til besøk i den store Omar-moskeen og det jødiske museet. Vidare til oldtidsminne i Pergamon-museet og til kald krigs-minne ved Checkpoint Charlie.

Studentane fekk også med seg interessante diskusjonar om tysk og norsk religions- og livssynsundervisning med Martin Brendebach frå utdanningsmyndigheitene i Berlin og vaflar og møte med tilsette i den norske sjømannskyrkja.

Litt tid til eigne utflukter blei det òg.

 

 

Sist endret: .