Language: NOR | ENG

- Ein gjer studiet til det ein vil sjølv

Tidligere student Nere.

Nere studerte bachelor i agronomi på Blæstad. Nå jobbar han hos Norsk landbruksrådgiving. 

- Ein startar med teori inne, og når ein har tileigna seg kunnskapen er det ut i felt. Slik beskriver vår tidlegare agronomistudent Nere koreleis ein lærer seg ting på Blæstad.

Nere Knutsson Haugå jobbar nå som rådgivar innanfor presisjonsteknikk og grovfôr hos Norsk landbruksrådgiving Agder. Studia frå Blæstad er veldig relevant for jobben hans.

- Som rådgjevar har eg allereie hatt nytte av alle faga eg hadde gjennom tre år, og kunnskapen bruker eg dagleg. I tillegg lev ein som student midt i eit aktivt jordbruksområde med høg praktisk og fagleg kompetanse. Ein ser og høyrer om ulike problemstillingar, vinklingar og tilnærmingar kvar dag. Verdien av det kan eg ikkje få opphøgd nok, fortel Nere.

Studiet starter frå botnen av

For ein som alltid har vore interessert i jordbruk og har vekst opp på gard med sau, ble agronomistudiet et naturleg val da han søkte etter ei utdanning.

- Eg fekk vite at far til ein kompis heime i Setesdal hadde gått på Blæstad, og når eg fekk undersøkt litt, var det lite tvil om at agronomi kunne vere midt i blinken, fortel Haugå.

Haugå likte emna plantekultur og feltmekanisering godt da han studerte på Blæstad. Men det han er mest fornøgd med er måten studiet var lagt opp.

- At ein bokstaveleg talt lærer det grunnleggjande først, med geologi og naturgrunnlaget og arbeider seg «oppover», er eg veldig fan av. Ein startar med teori inne, og når ein har tileigna seg kunnskapen, er det ut i felt. I felt får ein begynt på dei praktiske erfaringane som gjer kunnskapen til kompetanse, beskriv han.

Dagsaktuelt tema for bacheloroppgåva

Det å skrive ei bacheloroppgåve er ein fin mulighet å nytta tid på noe som er både viktig og dagsaktuelt, og ikkje minst interessant.

- Eg skreiv om effekt av mengde og storleik på såkorn i bygg. Kvert korn som blir lagt i jorda har ei «matpakke» den bruker for å spire og bryte opp gjennom jorda, til dagsljos. I år med tørke blir ikkje korna fylt opp like mykje som i ein vanleg vekstsesong, og dermed blir «matpakka»  mindre, fortel Nere om si bacheloroppgåve.

- Med klimaendringar og sannsynleg fleire ekstreme tørkeperiodar følte eg det var ei dagsaktuell oppgåve å skrive, legger han til.

Studentlivet på Blæstad

Nere synast studentlivet på Blæstad innebærer eit lite, men tett knytt miljø.

- Det er litt «alle kjenner alle». Det er heilt naturleg å slå av ein prat med dei tilsette eller studentar på andre årstrinn, og det trur eg alle nyt godt av, både i student- og arbeidsliv. I tillegg er studiestaden berre 6-7 kilometer frå Hamar sentrum, så ein har luksusen av livet i by og bygd på same tid.

Hven passer studiet for?

Etter hans meining passer studiet for dei som enten er interesserte i jordbruk og starter «heilt frå scratch», eller de som har meir kunnskap og erfaring frå før.

- Eg har innsett i ettertid at eg kunne veldig lite då eg starta, men at ein gjer studiet til det ein vil sjølv. Startar ein med lite forkunnskap får ein ei bratt, men solid læringskurve. Kan ein meir frå før, får ein underbygd det ein allereie kan og samtidig nye «knaggar» å hengje kunnskap på, fortel Nere.

Tips til framtidige landbruksfagsstudenter

- Ver nysgjerrig! Eg har lært utruleg mykje av å ta litt ekstra ansvar, spørje dumme spørsmål og berre bli med på det eg synest har verka interessant. Det har gitt meg mykje både i og utanfor studiet, seier den tidlegare agronomistudenten.