Strikk og lytt med Therese Tungen

Strikk og lytt på Litteraturhus Lillehammer medan Therese Tungen les noveller. Ope for alle strikkeglade og for dei som berre vil lytte.

Novellesamlinga " Ein gong var dei ulvar" var ein av fjorårets sterkaste debuter, og Therese Tungen blir karakterisert som både stilsikker og moderne. I Morgenbladet si melding av boka blei ho nemnt saman med Edgar Allan Poe og Anton Tsjekhov.

Therese Tungen kjem opprinneleg frå Kvam i Gudbrandsdalen, jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og har tidlegare vore litteraturmeldar for Klassekampen og Morgenbladet. Nyleg fekk ho Aschehougs debutantpris, og ho er nominert til Ungdommens Kritikerpris 2017.

Les meir om arrangementet

Litteraturhus Lillehammer er et samarbeid mellom Høgskolen i Innlandet på Lillehammer, Lillehammer bibliotekNansenskolen og Norsk Litteraturfestival.