Gruppe for fransk filosofi ved Høgskolen i Innlandet arrangerer seminar om Julia Kristevas filosofi. 

Julia Kristeva (f.1941) er ein av dei mest kjende franske filosofane i sin generasjon og er også utdanna psykoanalytikar. I 2004 fekk ho Holbergprisen og I 2006 Hannah Arendtprisen for sitt arbeid.

Tidspunktet for seminaret er torsdag 25. januar 2018 i A326 på Studiestad Hamar

Program:

Kl. 1015-1115: Synnøve Myklestad, førsteamanuensis og studieleiar for Master i spesialpedagogikk, Høgskolen i Innlandet, Lillehammer: «Julia Kristeva - Disturbing the Calculation of Education. En pedagogs møte med Kristevas "the zero degree of humanity" i våre (utdannings)systemer.”

Kl. 1115-1215: Lunsj

Kl. 1215-1315: Eivind Engebretsen, professor ved Institutt for helse og samfunn, UiO og forskningssjef ved Det medisinske fakultet: «Julia Kristeva og medisinsk humaniora» 
(Sjå artikkel om medisinsk humaniora som vil vere grunnlaget for Eivinds innlegg​)

Ope for alle.