Language: NOR | ENG

Om ville hestar og rastlause sjeler i norsk country

Om ville hestar og rastlause sjeler i norsk country  

Med innvandringa til Amerika på byrjinga av det førre hundreåret møtte den engelske folkemusikken songen frå afrikanske slavar, og countrymusikken oppstod.

Utover på 1900-talet utvikla musikken seg og vart kalla til dømes. hillbilly, bluegrass, roots og americana. Her i landet kom den amerikanske folkrockbølgen på slutten av sekstitalet og starta den store visebølga, men heilt sidan femtitalet hadde  Hank Williams og Jim Reeves vore spela på norsk radio.    

Musikkjournalist og countryentusiast Finn Tokvam møter artistane Claudia Scott og Malin Pettersen og samtalar om vilkår og eigenart for norsk countrymusikk.

Med seg i panelet har dei også førsteamanuensis i musikk ved Høgskolen i Innlandet, Stian Vestby. 

  • Lenke til arrangementets Facebookside