Gruppe for fransk filosofi ved HINN arrangerer seminar i rom Ø-201 ved kantina på Høgskolen i Innlandet på Lillehammer (Storhove). Dei vil denne gongen presentere nokre av perspektiva til den franske filosofen Catherine Malabou.

Program:

Kl. 1015-1115: «Malabou og plastisitet» ved Kjetil Horn Hogstad frå Det utdanningsvitskaplege fakultet, UiO
Kl. 1115-1215: Lunsj
Kl. 1215-1315: «Malabou og kva vi skal gjere med hjernen vår» ved Roar Høstaker frå HINN

Malabou (f.1959) arbeider ved Kingston University i London og ved University of California, Riverside​. Eit sentralt omgrep hjå Malabou er 'plastisitet' som ho meiner inneber ei vidareføring og fornying av Derridas dekonstruksjon ved å opne den for tema frå biologi og då særskilt nevrovitskap.

Ein av dei mest kjende bøkene hennar har også nettopp kome ut på norsk med tittelen "Hva skal vi gjøre med hjernen vår?", omsett av Kaja Jensen Rathe. Denne boka er nærmast ein pamflett, trykt første gong i 2004, der hjernens plastisitet også blir formulert som eit politisk spørsmål.