Language: NOR | ENG

Eivor Indrebø Lægreid

Stipendiat
Avd./Fakultet:
Fakultet for helse- og sosialvitenskap
Enhet:
Seksjon for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie
Besøksadresse:
Studiested Lillehammer
Vormstuguvegen 2
2624 Lillehammer
Vis i kart
Postadresse:
Høgskolen i Innlandet
Postboks 400
2418 Elverum

Bakgrunn

PhD prosjekt: Vegen attande frå ISIS: resiliens, reintegrasjon og helseprosessar hjå born etter fangeskap og indoktrinering.

 

Hovudmålsetninga med studiet er å undersøkje resiliens og reintegrasjonsprosessar hjå Yezidi born som har vore i fangeskap hjå terrororganisasjonen ISIS.  Målet er todelt 1) Undersøkje resiliens og reintegreringsprosessar hjå Yezidi born som kjem attende frå fangeskap og deira familiar eller nære omsorgsgivarar, og 2) utforske deira subjektive behov og oppleving av profesjonelle støtte og hjelpe- intervensjonar. Ved å inkludere familie, samfunn, identitet og religion vil prosjektet famne kring mange område kor borna sin kunnskap, kompetanse og livsverd utfoldar seg.

Betre kunnskap om resiliens-fremjande faktorar etter motgang, traumatiske hendingar og omvelting er viktig for eit breitt spekter av sosial- og helse-arbeid, utvikling av nasjonale retningslinjer, særleg innan familiearbeid, barnevern, førskule- og skule, behandling av traumatiserte flyktningar, deira familiar, og migrant befolkninga.  Det er ei målesetning at forskingsfunn kan bidra til å auke forståinga av korleis resiliens vert utvikla, og at funna kan inngå i utforming av mønsterpraksis i møte med flyktningar i Noreg, utvide forståing av religion i psykologisk behandling, samarbeid med religiøse leiarar og psykososial intervensjon. Resultatet vil vonleg også bidra med ny informasjon kring støtte og bistand-intervensjonar gjennom utforsking av subjektive opplevingar.

Data vert innsamla gjennom deltakande observasjon og kvalitative djubde-intervju for å løfte fram borna, og deira kjernefamilie, si eiga livsverd.

Ekspertområder

Utdanning og tidlegare relevant erfaring.

Eg er mellom anna utdanna klinisk barnevernspedagog, med mastergrad i psykososialt arbeid ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS), der mi oppgåve omhandla mestringsstrategiar hjå Yezidi kvinner etter folkemord, fangeskap og seksuelt slaveri hjå terrorgruppa ISIS. Tidlegare har eg arbeidd som prosjektleiar, klinikar og konsulent ved humanitære organisasjonar retta mot Yezidi folket i nord-Irak og Irakisk Kurdistan, primært internt fordrivne og overlevande frå folkemordet som starta i 2014. Frå Noreg har eg erfaring som klinikar i spesialisthelsetenesta ved barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk, samt ulike miljøterapeutiske institusjonar der born og unge i stor grad hadde tidlegare opplevingar frå omsorgssvikt, neglekt, vald, krig og flukt.

Publikasjonar

  • 2020: “Traumatized Women – Ordinary Violence.” Sverre Varvin and Eivor Lægreid. Psychoanalysis and Psychotherapy in China – Volume 3 Number 1.
  • 2016: «Menneskelege Møter» i Olokowska, Alicja; Landmark, Berit (2016). Miljøterapi. Prinsipper, perspektiver og praksis. ISBN: 978-82-450-1868-4 192 s. Fagbokforlaget. 

Interesse og kompetanseområder

 

  • Flyktning, og integrasjon/inklusjonsprosessar
  • Einslege mindreårige flyktningar 
  • Resiliensprosessar
  • Sjølvmord og sjølvskading
  • Vald, traumer og omsorg  
  • Barnevern
  • Miljøterapi
  • EMDR
  • Kvalitativ forsking