Forskingsdagane 2022

Forskingsdagane vert arrangert 21. september – 2. oktober 2022.

Forskingsdagane er ein nasjonal festival som skal skape merksemd om forsking. Under festivalen vert det gjennomført fleire hundre arrangement landet rundt. Også Høgskulen i Innlandet er med som arrangør. 

I Innlandet vert det daglege foredrag ved biblioteka på Lillehammer og Hamar om ei rekke ulike tema, under vignetten "Vettug viten".

Dei andre arrangementa under Forskingsdagane spenner frå testing av VR-teknologi, forskarstafett om Homer sitt klassiske verk Odysseen, til bibelpub på ein utestad i Hamar.

Sjå dei ulike programpostane i arrangementsoversikta under.

Nytt om forskingsdagane

Forskingsdagane er ein nasjonal festival der forskings- og kunnskapsinstitusjonar viser fram verksemda si. Dagane blir arrangerte i september kvart år.

Målsetjingane for festivalen er å:

  • Skapa begeistring og forståing for forsking
  • Formidla kva forskinga og resultata dens betyr for oss i det daglege livet vårt
  • Vise samanhengen mellom forsking, innovasjon og næringsliv
  • Vekke interesse i media for forsking og forskingsresultat
  • Bidra til rekruttering av unge til forskingsrelaterte yrke