Language: NOR | ENG

Har undersøkt korleis ungdomsskuleelevar vurderer diktsamlingar

Har undersøkt korleis ungdomsskuleelevar vurderer diktsamlingar

Ph.d.-stipendiat Therese Garshol Syversen har publisert artikkelen «Noen er humoristiske og rørende, mens andre er irrelevante og kleine». Ungdom sine vurderingar av fire diktsamlingar skrivne for ungdom i bladet Norsklæreren.

Syversen skriv til oss at artikkelen undersøker korleis ungdomsskuleelevar, via nettstaden Uprisen.no, vurderer fire diktsamlingar skrivne for ungdom. Analysen tar utgangspunkt i Per Thomas Andersen (1987) sine kriterium for litteraturkritikk, i tillegg til perspektiv frå Erik Bjerck Hagen (2004) og Cecilie Wright Lund (2000). Meldingane som blir analysert, er skrivne til diktsamlingene Følg med nå (Skaug, 2019), Vind i værhanen (Andersen, 2019), Når er jeg gammel nok til å skyte faren min? (Ombustvedt & Engedal, 2019) og Kom og sett meg i orden (Bergquist, 2019). 

På Norsklæreren sine heimesider kan ein lese at Norsklæreren er medlemsbladet til  LNU, Landslaget for Norskundervisning, samstundes som det er eit vitskapleg tidsskrift som publiserer fagfellevurderte artikler på nivå 1. Norsklæreren har som mål å inspirere og gje relevant og god fagleg oppdatering til norsklærarar. 

Therese Garshol Syversen er tilsett ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk (LUP) og artikkelen er publisert saman med Dag Freddy Røed som er universitetslektor ved OsloMet - storbyuniversitetet.

Les artikkelen her. 

Les meir om Therese Garshol Syversen.