Language: NOR | ENG

Cottis om kjøtkutt

Faksimile

Høgskulelektor Thomas Cottis har kasta seg inn i debatten om klimakutt i landbruket. 

Klimakur 2030, som nyleg vart lagt fram av Miljødirektoratet, foreslår kutt i fleire sektorar, mellom anna i landbruket. 

Kutt i forbruket av raudt kjøtt er blant tiltaka som for tida diskuterast heftig, og klimaengasjerte Cottis er intervjua i avisa  Dag og Tid.

Han meiner landbruket lyt sjå mogeligheiten i ei omlegging til meir produksjon av plantekost. 

– Ei global oppvarming på over 1,5 grad utgjer ein stor risiko for matproduksjonen i verda. Difor er vi avhengige av at alle næringar gjer store kutt, og då må jordbruket sjølv ta sin del, seier han til avisa.

Cottis er høgskulelektor ved Fakultet for anvendt økologi, landbruksfag og bioteknologi.