1. desember: Fysisk aktivitet og skuleprestasjonar

Det er ingen samanheng mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar, og berre så vidt nokon kopling mot psykisk helse. 1. desember forsvarar Ingeborg Barth Vedøy doktorgradsavhandlinga si.

Portrettbilde av Ingeborg Barth Vedøy

Ingeborg Barth Vedøy disputerer 1. desember på NIH

Ingeborg Barth Vedøy jobbar til vanleg på Seksjon for folkehelse på studiestad Elverum. Doktorgraden sin har ho derimot gjennomført som stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag på Norges Idrettshøgskole, NIH.

Å inneha god psykisk helse, samt oppnå gode skuleprestasjonar er eit vesentleg premiss for ungdommar si framtid.

Tidlegare forsking har peikt på at fysisk aktivitet kan vera ein sentral faktor for å oppnå dette, men det manglar studiar som har undersøkt dette på lang sikt.

Ingen samanheng

Vedøy sette seg føre å finne det faktiske forholdet mellom fysisk aktivitet og psykisk helse – og mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar. Ho granska desse samanhengane over tid og kan slå fast at biletet er svært samansett.

Ho følgde 600 ungdomsskuleelevar frå 11 skular på Aust- og Vestlandet over tre heile år, frå 2016 til 2018. Ungdomane var 12 til 16 år gamle.

Overordna syner resultata ingen samanheng mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar blant deltakarane. Det vart heller ikkje funnet nokon samanheng mellom fysisk aktivitet eller stillesitjande tid og psykiske problem.

Imidlertid ser det ut til å vera ein positiv samanheng mellom stillesitjande tid og psykisk well-being hos gutar, samt mellom fysisk aktivitet og psykisk well-being hos jenter.

Desse resultata understøttar moglegheita for at fysisk aktivitet kan ha ulik betydning for ulike indikatorar på psykisk helse, og at mengda og intensiteten av fysisk aktivitet i liten grad ser ut til å ha betydning for psykiske problem og skuleprestasjonar hos elles friske ungdommar.

Viktigaste funn

  • Ingen samanheng mellom fysisk aktivitetsnivå og psykiske problem hos ungdom
  • Ingen samanheng mellom fysisk aktivitetsnivå og skuleprestasjonar hos ungdom
  • Ein liten samanheng mellom fysisk aktivitetsnivå og positive dimensjonar av psykisk helse; psykisk well-being og nokre indikatorar på sjølvtillit, særskilt hos jenter
  • Positiv samanheng mellom auke i stillesitjande tid og psykisk well-being hos gutar

Disputasen:

Ingeborg Barth Vedøy forsvarar sitt doktorgradsarbeid ved Norges Idrettshøgskole 01.12.2021.

Tittel på avhandling: “Physical activity, mental health and academic achievement in adolescents. A longitudinal study exploring the role of physical activity on dimensions of mental health and academic achievement in Norwegian adolescents at lower secondary school

Stad: Auditorium Innsikt på Norges idrettshøgskole, Oslo, og digitalt via stream 

Prøveforelesinga startar kl 10.15. 

Disputasen startar kl 12.30.

Rettleiarar:

  • Hovedrettleiar: Sigmund Alfred Anderssen, professor, NIH
  • Medrettleiarar: Knut Ragnvald Skulberg, førsteamanuensis, HINN. Hege Eikeland Tjomsland, førsteamanuensis, HINN

 

Emneord: disputas, fysisk aktivitet Av Ole Martin Ringlund
Publisert 16. nov. 2021 09:18 - Sist endret 16. nov. 2021 09:51