Studiestart - kva har Blæstad å by på?

Endelig er det studiestart! Me har eit semester som skal gå nesten normalt, noko dei fleste har gleda seg til. Nye studentar skal finne seg til rette, verte kjent med skulen, miljøet og Hedmarken. Så kva kan ein gjere på Blæstad?

Bilde som viser kalv som hopper rundt på beite

Ting er på vei tilbake til normalen også for kalvene ved studiested Blæstad. Foto : Privat. 

Det er no drøyt to veker sidan ei sosial, travel og morosam fadderveke fann stad. Dei fleste nye studentane held fortsatt på å venne seg til livet på Blæstad, studiet og omgjevnadane rundt.

Blæstad har ei vellfungerande bibliotek som er ope kvar dag der ein kan jobbe på grupperom, låne bøker og jobbe med skule. Skulle ein trenge eit avbrekk på skulebenken er det treningsrom i 2.etasje. 

Ny kantine på Blæstad

Sist fredag opna den splitter nye kantina som no er styrt av Stinn. Her tilbys det snacks, drikke, varmmat og påsmurt. Studentane er så langt veldig nøgd med dette tilbodet, og mange har allereie begynt å bruke den mykje. Kantina er bemanna mandag til fredag 09.00-13.00. Kantina er (utenom korona) eit samlingspunkt for studentane, og det er ofte mange som sit der i pausene. 

Blæstad har eigen studentforening som er kalla Crocom. Crocom har samlingsstad med bar på nedsida av skulen. Her vert det arrrangert ein quiz og ein temafest i månaden. Crocom arrangerar også ulike turar til landbruksmesser og gardsbesøk. Det er også eigen idrettsansvarleg som sørgar for fotballtrening/volleyball ei gong i veka, samt innetrening på vinteren i gymsal. 

Skulle ein ønske å tene litt ekstra pengar utanom studiet ligg Blæstad nær Hamar, Elverum og Brumunddal der det finnes ulike butikkar, tenester og bedrifter som søker etter studentar som vil arbeide. Ein kan også ta kontakt med ulike avløserlag for å jobbe med gårdsdrift. Høgskulen har også no ei stilling ute som studentambassadør som er mogleg å søkje på!

Er ein ny i Hamar anbefalar eg å ta seg ein ettermiddag å utforske byen. Gågata, Koigen, Domkirkeodden, jernbanemuseet og kjøpesenteret CC er verdt å undersøke. Eit studenttips er å sjekke ut den nye Holdbart butikken på CC Maxi, her finner ein mykje spennande varar til gode prisar! Eit anna tips er å ta turen opp til Rudshøgda på medlemsbutikken til Nortura. Her finn ein ofte kjøttvarar til sterkt redusert pris på grunn av feil merking, dato osv. 

Er du interessert i landbruk anbefalar eg å ta turen til Staur gård, Store Ree og Graminor. Dette er store gårder, med lang historie som representer det nyeste innen avl, genetikk og metoder for ny dyrking. 

Bruk studentkalenderen! Dykk har kanskje fått utlevert studentkalender i papirform med ulike kupongar og rabattar. Ein finn også desse i studentkaldender-appen. Her finn ein tilbod på bowling, pizza, svømming og på produkt. Dette er absolutt noko å nytte når ein er student! 

Av Karina Sinnes
Publisert 8. sep. 2021 21:27 - Sist endret 16. sep. 2021 15:14
Laptop og skrivesaker

Studentbloggen

Studentbloggen er laget av studentene på HiNN for studentene på HiNN. Vi skriver om alt som har med studiehverdagen å gjøre – så følg med!