Dette sit eg igjen med etter fullført bachelor

I dag har eg levert bacheloren min, og har nå ein bachelor i agronomi. I dette innlegget får du en oppsummering av studietiden min på Blæstad.

Studenter fra Blæstad på et arrangement.

Tre år med veldig fine folk. Foto : Privat. 

Hausten 2019 pakka eg tinga mine å reiste til Hamar i siste liten før studiestart. Eg hadde eigentleg tenkt å ha eit friår, men utan jobb blei det brått skule. Eit årsstudium har nå blitt til ein bachelor, og skal forhåpentlegvis bli til ein master i bærekraftig jordbruk.

Covid-19

Mitt studieløp har vore sterkt påverka av pandemien. Over halve studietida mi har vore på heimeskule, og eg trur kanskje at mitt kull er blant dem som har blitt hardast ramma.

Pandemien har påvirket mykje av studieløpet etter min syn, både sosialt, men også ein del av læringa. Særleg når det kjem til utferdar og praktisk undervisning. Likevel har eg fått mykje ut av studiet. For min del var det til tider bare fint å ha heimeskule. Eg trives godt heime og fekk jobba mykje utanom. Heimeeksamen har også vore greit, eg har ikkje stressa like mykje som ved skuleeksamen. Alt i alt blei det fine studieår sjølv med en pandemi. 

Fin studietid på Blæstad

Når eg ser tilbake på studietida mi her har det vore enormt lærerikt og sosialt. Eg ville gjort det igjen, og angrar på svært lite. Blæstad er verkeleg sosialt og har eit unikt miljø. Det å bu på Hamar har også vore triveleg, og eg kjem til å savne byen. Eg gruar meg litt til å ikkje vera student lenger. Å ikkje ha den fridomen som ein har mens ein studerar.

Likevel skal det bli godt å få litt meir struktur i kvardagen. Generelt sett eg igjen med mykje ny kunnskap og nye vennskap etter studietida mi. I tillegg har eg nå mange fleire moglegeheiter for kva eg skal gjere vidare ein eg hadde før eg starta. 

Dette har eg lært

Eg har lært mykje, og om veldig mykje på Blæstad. Agronomi har vore eit utruleg breidt studie, med mange fag og ulike emner. Dette har gitt meg ein brei kunnskap, men likevel er eg spendt på korleis det blir å få ein jobb som er litt meir spesialisert innan eit emne. Eg trur at det er positivt å vite korleis alt heng i saman, for eksempel dersom ein skal selja utstyr, så er det bra å vite litt om produksjonen utstyret skal seljast inn til. Ein viktig ting eg har lært av å studera er korleis ein skal finne og handtere ny kunnskap. Kor ein skal leite, korleis ein skal bruke det sjølv og korleis ein skal formidle det. Å tenka kritisk er viktig. 

Vegen vidare

Vegen vidare for min del veit eg ikkje heilt enda, det får me ta litt som det kjem. No skal eg heim å bli med i siloslåtten heime i Sandnes ei stund. Eg har komt inn på master i bærekraftig jordbruk på deltid. Dette trur eg blir svært lærerikt og positivt for karrieren min. Eg håpar på å spisse kompetansen enda meir ved å ta relevante fag og ikkje minst skriva ein god master. 

Sidan dette er ein ny master er det ingen eg kan relatere meg til i forhold til arbeidsmengde og kva som er lurt å tenke på. Studiet er lagt opp til å tilsvare rundt 1000 timar i året. Eg veit om mange søkara som har lyst å kombinere dette med 100% jobb, eg er spend på om det blir for mykje, eller om det går greit. Det er samling ca ein gong i halvåret, akkurat denne parten gjer det mogleg å bu i heile Noreg. Likevel kan det nok vera positivt å bu her med tanke på tilgang til ressursar, bibliotek og anna. Det blir nok veldig individuelt kva folk føretrekk og prioriterar. 

Dette er no mitt siste blogg innlegg etter to år som fast bloggar. Eg vil takka dei som har lest innlegga og HINN for å ha gitt meg ein fin arbeidsplass. Å vera studentambassadør har vore ein kjekk jobb, og viss du har lyst til å ta over jobben min er det bare å melde seg!

Av Karina Sinnes
Publisert 7. juni 2022 08:34 - Sist endret 7. juni 2022 08:35
Laptop og skrivesaker

Studentbloggen

Studentbloggen er skrevet av studentene på HINN for studentene på HINN. Vi skriver om alt som har med studiehverdagen å gjøre – så følg med!