Language: NOR | ENG
2020/2021

2MNK171-4 Norsk 2, emne 4: Litteratur og litterasitetspraksiser

Læringsutbytte

Ved bestått emne har studenten oppnådd følgende læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, begynnaropplæringa og den vidare opplæringa i lesing og skriving
  • har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter, og vurderings- og prøvesystem i norskfaget
  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa og den vidare lese- og skriveopplæringa
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1–7 lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan aleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og kommunisere om faglege problemstillingar og har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kan analysere og vurdere norskdidaktisk forskings- og utviklingsarbeid og drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1–7 i samarbeid med andre
  • kan styrke internasjonale og flerkulturelle perspektiv ved skolen sitt arbeid 

Innhold

  • Begynnaropplæring og overgangen mellom barnehage og skole  
  • Vidareutvikling av lese- og skriveferdigheter og overgangen mellom barnetrinn og ungdomstrinn
  • Litteratur og litteraturdidaktikk i overgangen mellom barnetrinn og ungdomstrinn
  • Skjønnlitteratur og sakprosa  
  • Nyare språk- og litteraturdidaktisk forsking
  • Ulike vurderingsformer i norskfaget
  • Utforming og drøfting av problemstillingar (presentert munnleg i seminar)(FOU)
  • Vitskapsteori, forskingsdesign og forskingsmetode (FOU)
  • Resymé og analyse av faglitteratur som er relevant for eit sjølvvalt tema (FOU)
  • Arbeid med utvikling av eige munnleg og skriftleg fagspråk og gi respons til medstudentar si skriving

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, ulike seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskolens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Detaljar vil kome i undervisningsplanen.

Praksis

Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.

Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.

 

Obligatoriske krav som må være godkjent før eksamen kan avlegges

  • Munnleg presentasjon i gruppe av ein fagleg problemstilling
  • Inntil tre individuelle skriftlege arbeidskrav (ort notat med prosjektbeskriving, resymé av relevant faglitteratur, drøfting av eit fagleg tema)
  • Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller til medstudentane si skriving, som spesifisert i undervisningsplanen
  • 80 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert

Eksamen

Del 1, alternativ 1, når norsk er masterfag: Individuell FoU-oppgåve om eit tema studenten sjølv har valt. Eksamen tel 60 % av karakteren.

Del 1, alternativ 2, når norsk ikkje er masterfag: Individuell skriftleg oppgåve om eit tema studenten sjølv har valt. Eksamen tel 60 % av karakteren.

Del 2, gjeld i begge tilfelle: Individuell munnleg eksamen. Eksamen tel 40 % av karakteren.

Målform: valgfritt

Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkarakter frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.

Karakteren i Norsk 2, emne 4 teller 50 % av endelig karakter i faget Norsk 2 (30 studiepoeng).

Tillatte hjelpemidler til eksamen

Del 1: Alle

Del 2: Ingen