Language: NOR | ENG
2020/2021

2MKRO5101-6 Kroppsøving: Undervisningspraksis til forsking, tur-retur

Læringsutbytte

Ved bestått emne har studenten oppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap basert på nasjonal og internasjonal forsking om kroppsøving.
  • har inngåande kunnskap om progresjon i undervisning og elevars læring i kroppsøving og korleis vurdering for læring kan støtte slik progresjon

Ferdigheit

Studenten

  • kan analysere og forholde seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking om kroppsøving og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvelsen
  • kan analysere faglege problemstillingar basert på kunnskap om kroppsøvingsfagets eigenart, verdigrunnlag og historie og bruke slik innsikt i undervisning, forskings- og utviklingsarbeid
  • kan planlegge og gjennomføre undervisning i kroppsøving som fremjar eleven sine vitskaplege og kritiske tenkjemåtar

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan på systematisk vis planlegge, evaluere og revidere læringsopplegg i kroppsøving
  • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillinger knyttet til profesjonsutøvelsen.
  • kan bidra til utviklingsarbeid som fremjar faglig og pedagogisk nytenking i skulen

Innhold

I dette emnet blir det lagt særleg vekt på integrasjonen mellom profesjonsutøving gjennom praksis og forskingsbasert kunnskap. Studentane skal relatere sin eigen undervisningspraksis med forskingsbasert kunnskap:

  • oppdage og undersøke problemsituasjon i praksis og forstå desse i lys av forskingsbasert kunnskap.
  • forholdet mellom generell kunnskap og konkrete undervisningssituasjonar.
  • nasjonal og internasjonal kroppsøvingsforsking
  • litteraturgjennomgang som skal utgjere grunnlag for val av tema og problemstilling i masteroppgåva
  • vurdering for læring

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeids- og undervisningsformer i emnet vil i hovudsak bygge på studentaktive arbeidsformer, og er ein kombinasjon av:

  • rettleiing
  • gruppearbeid og debatt
  • oppgaveskriving
  • førelesingsr
  • sjølvstudium

Obligatoriske krav som må være godkjent før eksamen kan avlegges

  • Skrifteleg litteraturgjennomgang av eit sjølvvalt tema. Val av tema skal motiverast i praksiserfaringar
  • Munnleg presentasjon av eit undervisningsopplegg frå praksis, der det skal leggast særleg vekt på å grunngje val på bakgrunn av forskingsbasert kunnskap
  • Prosjektbeskrivelse masteroppgave, rettet inn mot grunnskolens 5. - 10. trinn (nynorsk)
  • 80% obligatorisk frammøte til undervisning i henhold til undervisningsplanen. Studenten er selv ansvarlig for å bli registrert

Eksamen

Individuell munnleg eksamen der studenten skal presentere og forsvare litteraturgjennomgangen, samt svare på spørsmål frå øvrig pensum.

Prestasjonen vurderast med gradert karakterar A-F, der E er siste ståkarakter.

Tillatte hjelpemidler til eksamen

Den skriftelege litteraturgjennomgangen utarbeidd som obligatorisk krav