Language: NOR | ENG
2018/2019

2MNK171S-1 Norsk 1, emne 1: Lese- og skriveopplæring

Læringsutbytte

Ved bestått emne har kandidaten oppnådd følgende læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om lese- og skriveopplæringa sin plass i gjeldande læreplaner for grunnskolen og om korleis opplæringa kan byggje på elevane sine føresetnader    
  • har brei kunnskap om teoriar, metodar og relevant forsking i lese- og skriveopplæring for trinn 1 – 7
  • har inngåande kunnskap om begynnaropplæring og tidleg innsats i norskfaget
  • har kunnskap om vurdering i norskfaget, mellom anna ulike kartleggingsverktøy og nasjonale prøver for trinn 1–7
  • har omfattande kunnskap om barns munnlege og skriftlege språkutvikling i formelle og uformelle læringssituasjonar
  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har kunnskap om språkleg identitet, samisk, norsk som andrespråk og fleirspråklegheit

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i norskopplæringa og grunngi fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar
  • kan sette i verk tidleg innsats og sikre progresjon i begynnaropplæringa i lesing og skriving
  • kan bruke varierte metodar i den første og den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan vurdere norskfaglege læremiddel for begynnaropplæring

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for at elevane utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter
  • kan planlegge og gjennomføre norskopplæring og gjere greie for fagdidaktiske val tilpassa elevane
  • kan vurdere eigen praksis med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og forskingsbasert kunnskap frå fag og fagdidaktikk  

Innhold

  • Barns munnlege og skriftlege språkutvikling og språklæring, inkludert fleirspråkleg utvikling og fleirspråkleg praksis
  • Gryande skriftspråkkompetanse i overgangen barnehage - skole
  • Tidleg innsats og begynnaropplæring i lesing og skriving  
  • Teoriar om lesing og skriving og metodar innan lese- og skriveopplæring
  • Tilpassing av lese- og skriveopplæring for barn med ulike behov
  • Utvikling av lese- og skrivestrategiar for ulike typar tekstar 
  • Teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
  • Analyse og vurdering av læremiddel for grunnleggjande leseopplæring
  • Språket som system og språket i bruk
  • Analyse av læreverk og erfaring med å utforme problemstillingar (FOU)
  • Samandrag av vitskapleg artikkel (FOU)
  • Arbeid med utvikling av eige munnleg og skriftleg fagspråk og gi respons til medstudentar si skriving

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskolens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Detaljar vil kome i undervisningsplanen. 

Praksis

Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.

Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.

Obligatoriske krav som må være godkjent før eksamen kan avlegges

  • Gruppearbeid: Munnleg presentasjon med skriftleg støtte av eit læreverk for den første lese- og skriveopplæringa
  • To individuelle, skriftlege fagtekstar over oppgitt emne innanfor lesing og skriving (minst ein tekst skal vere samandrag av vitskapleg artikkel). Begge målformer må vere representerte
  • Korte faglege innspel knytt til temaene i pensum eller til medstudentane si skriving, som spesifisert i undervisningsplanen
  • 80 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert

Eksamen

Fem timer individuell skriftleg eksamen.

Målform: Bokmål.

Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkarakter frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.

Karakteren i Norsk 1, emne 1 teller 50 % av endelig karakter i faget Norsk 1 (30 studiepoeng).

Tillatte hjelpemidler til eksamen

Godkjent ordliste bokmål/nynorsk