2018/2019

2MNK171S-2 Norsk 1, emne 2: Barnelitteratur

Læringsutbytte

Ved bestått emne har kandidaten oppnådd følgende læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har brei kunnskap om teori og relevant forsking innanfor litteratur for barn og unge
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn og unge
  • har kunnskap om samisk litteratur og kultur
  • har kunnskap om læremiddel for trinn 1–7

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke tekst- og sjangerkunnskap i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
  • kan legge til rette for læringsfremjande samtalar om tekstar
  • kan vurdere og bruke ulike norskfaglege læremiddel, digitale verktøy og ressursar og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan leggje til rette for at elevane blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for fagdidaktiske val som er tilpassa ulike grupper av elevar  
  • kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag

Innhold

  • Litteratur for barn og unge i ulike sjangrar og medium – munnlege, skriftlege og samansette tekstar
  • Litterære og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • Utvikling av litterær lesekompetanse
  • Munnleg språkbruk og munnlege arbeidsmåtar
  • Fleirkulturelle perspektiv i arbeid med tekstar
  • Analyse og vurdering av læreplan og læremiddel, digitale verktøy og ressursar og opplæring i digitale ferdigheiter for norskfaget frå tredje til sjuande trinn
  • FoU-komponent: Innføring i akademisk skriving med vekt på fagdidaktisk analyse av arbeidet med skjønnlitterære tekster  
  • FoU-komponent: Bruk av forskingsmetode i utvalde artiklar (i nettseminar)
  • Arbeid med utvikling av eige munnleg og skriftleg fagspråk og gi respons til skrivinga til medstudentane

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskolens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Detaljar vil kome i undervisningsplanen. 

Praksis

Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.

Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.

 

Obligatoriske krav som må være godkjent før eksamen kan avlegges

  • Ein kortare individuell fagtekst, skriftleg eller munnleg.
  • Ein større individuell fagtekst med drøfting av didaktiske perspektiv
  • Ta del i nettseminar
  • Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller til medstudentane si skriving, som spesifisert i undervisningsplanen.
  • 80 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert

Eksamen

Heimeeksamen over to dagar (48 timar)

Målform: Nynorsk

Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkarakter frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.

Karakteren i Norsk 1, emne 2 teller 50 % av endelig karakter i faget Norsk 1 (30 studiepoeng).

Tillatte hjelpemidler til eksamen

Alle